• Rask levering - lager i Norge - Gratis retur!


Markedsdager i Bogstadveien 20% rabatt i hele nettbutikken*
Gjelder ordinære varer
Fri frakt over 500,-

Norge på langs (del 6) - Troms, eit tapande kapplaup mot vinteren

Prøvar forgjeves å krype inn i vindsekken for ein liten rast, men kalde fingrar slit med å tolke signala frå hjernen. Fokuserar på snickerskaka i sekken. Det er ikkje vanskeleg. Det vesle kakestykket er nemleg det einaste eg har tenkt på dei siste dagane, og i dag har eg endeleg fortjent det.

Tekst & bilde - Oda Ramsdal - Del 6 i serien Norge på langs

Nokre dagar tidlegare står eg å speidar nedover den bratte fjellsida ved Lappjordhytta. Rundt meg sklir skumringa gradvis over i mørke medan fjelltoppane trekk tunge skyer nedover øyra. Sjølv om augo mine har saumfart stien framfor meg i ein halvtime byrjar det å verte vanskeleg å følgje konturane. Bak meg blafrar teltet i det gradvis aukande vinddraget, og soveposen lokkar med løfter om varme og søvn. Det er ikkje før alle konturarne er slukt av nattemørke at eg får auge på eit einsleg lys som sakte, men sikkert dansar oppover fjellsida. Eg blinkar med lykta mi, og lyset der nede blinkar att ende.
«Du er ei legende,» ropar eg ut i mørke.
«Og det seier du,» kjem det lattermildt tilbake frå syskenbarnet mitt, Hanne.

Me har begge hatt eit kapplaup mot dagslyset i dag. Eg småsprang gjennom det kuperte høgfjellslandskapet det siste stykket mot møteplassen. Den tunge sekken slang frå side til side og gjorde alt for å få beina ut av balanse. Etter fleire månadar med ljose netter kjem det tidlege mørket som ei overrasking. I det eg trekk opp teltet frå sekken er det allereie vanskeleg å tyde landskapet rundt meg, og likevel skulle det gå enno ein time før Hanne dukka opp.
 
Dei neste dagane vandrar duoen vår gjennom Dividalen si vakre villmark og hausten si stordomstid. Verda er gullbelagt med eit intens fargespel som skiftar mellom gult, oransje og raudt. Kalde frostnetter gir det heile ein ekstra dimensjon – kvar eit løv glitrar i morgonsola. Vinddraget frå fyrste kvelden har auka i styrke. Den riv og slit i nasjonalparken sin fargerike festdrakt. Den lokkar løvet med seg på runddans i lufta, før dei motvillig fell i bakken.
 
Skuet er blendande, og latteren sit laust. Akkurat slik som då me var born. Me syng improviserte baladar til naturen, dansar med vinden og fråssar i overmodne blåbær. Haustar stilpoeng for våre raskebriller og vår enda raskare dukkert i Vuomaelva. På sidelinja står vinteren å trippar utolmodig. Stadig vekk minnar han oss på at han er like rundt hjørne. Fjelltoppane rundt oss er kvite, og me finn rester etter nysnø nede i dalsøkka. Vinteren har allereie hatt sitt fyrste snarvisitt. Eit lite vink om kva som er i vente.

Sola kjempar ein stadig tapande kamp. Natta et av dagane våre, og teltet kjem opp tidlegare og tidlegare for kvart døgn som går. Dyrelivet rundt oss følgjer dei same notene. Då eg byrja turen min i sør måtte både snøen og rypa si kvite fjærdrakt gradvis gi slepp for varmare tider. På bakken fann eg små, spettete egg, og ikkje lenge etter spratt det flygelause kyllinger rundt beina mine. På veg nordover har eg fulgt reisa deira mot fullvoksne fuglar. Ei tidvis hjarteskjærande reise, då kulla gradvis har gått frå eit titalls egg til tre-fire sysken som no forberedar seg på sin fyrste vinter. Den litt rotete fjærdrakta deira avslører at dei framleis ikkje er ferdig utlært, og eg kan ikkje anna enn å ynskje dei lukke til.
 
Saman får Hanne og eg nokre siste bekymringslause dagar, og då me skiljar lag takkar Hanne for nokre ugløymeleg dagar. Turen min er derimot langt frå over, og både landskapet rundt meg, vêrmeldinga og magekjensla gir sterke indikasjoner på at tida framover kjem til å verte karakterbyggjande. Det neste døgnet visar vinden musklar, og i ly av natta røver han med seg siste rest av hausten. Når eg kryp ut av teltet morgonen etter står det berre eit fåtall gule trær att. Berre dei trea som er for sta til å la blada sleppe har klart å halde på drakten. Dei er hausten sine vokterar mot Kong Vinter. Ei roleg røyst som oppfordrar han til å vente.

Eg finn vegen til Rostahytta, og med eit vinglete mot snublar eg inn i armane til Troms Turlag si tilsynsgruppe. Eit knippe menneske med stor hjertevarme og utallige røvarhistoriar. Det heile byrjar med ein tilsynelatande uskuldig invitasjon på fiskesuppe og konjakk, og endar med ein heil dag i vedskjulet. Klokka åtte på morgonen vekkes me av summinga frå helikopteret, og ikke lenge etter ligg fyrste lasta med ved spredt utover plassen. Ti timar seinare er skjulet fylt til randa, og eg får æra av å leggje siste vedkubben. Ryggen min, som ikkje har hatt ei einaste klage på veg nordover, ynkar seg etter belastninga frå vedstablinga. Den lar seg derimot overbevise då belønninga kjem på bordet. Ut over kvelden vert det servert heimalaga får-i-kål og den største, for å ikkje gløyme fyrste, bløtkaka eg har sett til fjells. Til å skylle ned maten var det ein evig straum av øl, turakevitt og alt anna tromsøværingene hadde fylt lerkene sine med.
 
Utanfor hytteveggen ligg skyene tunge, og står i stor kontrast til det gode selskapet som forsvinn inn i nattetimane. Det er derimot vanskeleg å ikkje gløtte ut av vindauga når vindkasta får hytta til å riste. Lysta til å forlate varmen frå mine nye bekjentskap er forsvinnande liten, og då tida er inne for å takke for meg vert eg ståande å nøle. Det er ein dag utan dagslys. Skylaget er så tjukt at solstrålene aldri heilt når fram, og me ser på medan nysnøen kryp nedover fjellsida. Til slutt er det Alf som kjem med nokre oppmuntrande ord:
«Har du kome så langt, så kjem du deg også til Nordkapp.»
Dette seier han medan han smuglar ei flaske Jagermeister inn i handa min, og gir meg eit lite blunk.

Med heile Troms Turlag i ryggen og ei tåre i augekroken legg eg på veg innover Isdalen. Ikkje lenge etter vassar eg i snø opp til knea medan det vekselsvis piskar sludd, regn og snø i andletet mitt. Eg var innstilt på å verte redd. På å miste mote. På å slite. I stadan for er det kjensla av å ha slutta kretsen som tar styringa. Då eg starta turen i sør subba eg rundt på truger gjennom vinterens siste krampetrekningar. Sidan den gong har eg sett naturen i evig endring gjennom sesongene, og no får eg æra av å ynskje ein ny vinter velkomen som eit naturleg neste steg.

For livet over 900 meter over havet er vinteren komen for å bli, og over siste fjellrekka mot Reisadalen kavar eg meg gjennom ei snøkledd steinur. Som ein heder til balansekunsten hoppar eg elegant frå snødekt stein til enda meir snødekt stein. I mitt hovud framførte eg ein elegant ballett gjennom ura, men i røynda vart det ei vinglete ferd med hyppig bannskap og gjennomslag med snø opp til låra. Gråvêret frå dei siste dagane har derimot endeleg gitt slepp, og sola rettleiar meg trygt gjennom det krevjande terrenget.
 
Dette vart lange dagar som kosta krefter, og fleire kveldar sovna eg med middagen i handa. Kroppen trong kvile, og sjølv den aukande matlysta klarte ikkje å kjempe i mot søvnen. I tillegg til krevjande terreng og vassing i snø vart vinden ein konstant følgjesvein. På natta trua den med å røske med seg teltet, og på dagen satt han krokfot på meg medan han prøvde å rive av meg sekken. Langs Guolásjávri bles det så hardt at regnbuen dansa over vatnet. Heldigvis kunne eg styrke meg på den vesle flaska med Jagermeister frå Alf. Sjølv ikkje den villaste vinden klarar å rokke ved sjølvtillitta ein får av å ta ei slik på styrten. Drammen roa i tillegg nervene på veg nedover Reisadalen sin loddrette nedstigning, og fekk liv i ein søvndyssa hjerne.

Ved Saraelv Villmarkssenter står ein malplassert steikjeomn å ventar på meg i sola. Inni brakkeriggen ligg motparten i form av to halvfrossne ferdigpizza. Omnen er satt opp eine og aleine for mi lengsle etter «fast food», og eg kan ikkje anna enn å nyte ein ‘Big One’ i stum takksemd. Dei siste månadane har Nordkapp vert eit abstrakt mål langt der framme. Det har kjends uoppnåelig. For langt unna. Vanskeleg å begripe. For å ikkje gløyme mitt sjølvkonstruerte kapplaup mot vinteren. Eit kapplaup eg eigentleg allereie har tapt, men likevel har eg fortsatt. No ligg i tillegg alle fjelltoppane på over firesiffer bak meg. Foran meg har eg Finnmarksvidda med sine slake kurver og, førebels, snølause landskap.
 
Det er medan eg sit på trappa til brakkeriggen – omringa av anleggsmaskinar, ein splitter ny septiktank og min utendørs steikjeomn – at dei siste orda til Alf verkeleg resonnere med meg. Ei ny ro brer seg i kroppen, og tvila som har herja i bakhovudet den siste tida forsvinn. For som han sa, har du kome så langt, så kjem du deg også til Nordkapp.


NORGE PÅ LANGS –en artikkelserie på 8 deler om Oda Ramsdals eventyr gjennom Norge. Serien strekker seg fra starten i Lindesnes i sør, gjennom et vårlig Skarvheimen og Jotunheimen, til sommerligere høyfjell og kystlandskap. I oktober 2021 kunne hun endelig stå på Nordkapp etter nesten et halvt år med sekken på ryggen.

Eg er ikkje eigentleg noko lettvektsentusiast, men på langtur som dette vil lågare vekt gi komfort i kvardagen. For min del handla det også om å redusere belastninga som kroppen vert utsatt for over tid.

Reis til Georgia!

Landet i Kaukasus med vakker natur, smaksrik mat og gjestfri atmosfære trekker stadig flere reisende.

Vårt nye brukt-konsept: Second Life!

Nå kan du kjøpe brukt, og i tillegg levere inn din gamle koffert til oss og få en verdikupong på kr. 300,-!

Bli med på Reparasjonsdag!

Vil du gi ødelagt tur- og reiseutstyr en ny sjanse? Kom innom oss Fredag 24. November!

Solo Travel: klar for å reise alene?

Å reise alene kan by på fantastiske opplevelser, mer fleksibilitet og dypere kontakt med mennesker enn om man reiser sammen med andre. Hva er egentlig solo travelling og hvorfor bør du gi det et forsøk dersom du har muligheten?

Topp 10 tips til backpacking!

Backpacking er en fantastisk måte å oppdage verden på, og lar deg komme tettere på andre kulturer og levesett enn de fleste andre reiseformer.

Topp 3 oppskrifter med sopp på primus!

Høsten er her, og det kryr av sopp i skogen. Enten du er nybegynner på sopplukking eller erfaren, så er det et hav av muligheter for å finne matsopp der du bor. Hva med å fyre opp primusen og lage et herlig måltid med selvplukket sopp?

Interrail: På skinner gjennom Europa

En sommer på skinner gjennom Europa er et eventyr du sent vil glemme, som tar deg tilbake til en tid da billige flyreiser ikke eksisterte. Vi har laget en guide til hvordan du kan planlegge årets store togeventyr.

Norge på langes (del 4) - Når draumar når bristepunktet

Turlivet er full av kontrastar. Milde sommarnetter vert regnfulle haustdagar. Storslegen høgfjell går over til frodige dalsøkk. Nedtur etterfølgjar opptur. Gleda av å vere akkurat der ein skal vere ender i draumar på bristepunktet.

Norge på langs (del 6) - Troms, eit tapande kapplaup mot vinteren

Kulda borar seg inn i beinmargen og slaps har for lengst funne vegn over skokanten. Sluddet piskar i andletet, og vinden går tvers gjennom både Gore-Tex og ull.

Norgesferie: 5 sommeraktiviteter

Fra varmende svaberg i sør til midnattssol i nord; vi tar deg med Norge på langs med fem spennende sommeraktiviteter.

Norgesferie: 7 gode grunner til å teste SUP i sommer

Kombinasjonen av bevegelse og naturopplevelser er temmelig uslåelig. SUP er en aktivitet som er lett å mestre, som gir deg sol i ansiktet, padletak på blikkstille vann, lyden av bølgeskvulp og lek i vannet. Ikke rart det er lett å bli hekta.