• Rask levering - lager i Norge - Gratis retur!


Bli medlem15% medlemsrabatt*
Gjelder kun ordinære varer ved kjøp over 1000 kroner
Fri frakt over 500,-

Norge på langes (del 3 ) - Vandring i myr og grønne skoger

Tekst & bilde - Oda Ramsdal - Del 3 i serien Norge på langs.

«Trøndelag er ei einaste svær myr,» seier samtlige eg møtar på min veg. Myr opp til knea. Myr som gyngar så kraftig at du vert sjøsjuk. Aggressive våtmarksområde mura inne av tjukk krattskog. Ikkje kan du gå over myra, og ikkje kjem du deg gjennom skogen.
Om du mot formodning skulle klare å krysse ei myr, ligg det ei ny å venter på deg. Alltid meir myr. I alle fargar og fasongar. Gul, grøn, raud og brun. Både flat og kupert. I opp- og nedoverbakkane finn du dronninga av alle myrer og Trøndelag sin nasjonalskatt: bakkemyra.
 
I virvaret av engmyr, bakkemyr, teppemyr og hengjemyr gløymer jungeltelegrafen derimot å nemne kor vakkert og frodig myr-fylket er.
Bak oss har me steinur og tropevarme: eit dehydrert landskap som i takt med langvarig tørke ropar etter nedbør. Skiftet frå steinørken til treklynger, mosekledde bakkar og evige myrer er ettertrakta, og etterlèt liten tvil om at me nærmar oss porten til Trøndelag.

Det er berre eit par dagar sidan Marcus og Kora reiste heim att etter to veker med oss på tur.
Den fyrste tida aleine er alltid sår. Overgangen frå å ha nokon å le saman med til å berre ha seg sjølv er brå, og kontrasten lokkar fram einsemda. Instagram er full av vener som kosar seg. Dei badar, herjar og ler. Saman. Eg badar, herjar og ler. Aleine. Det er ikkje heilt det same.
Thorin legg seg i armkroken min, og eg setjer mobilen i flymodus. Sola byrjar kveldsrutina si, og myrlandskapet rundt oss kryr av liv. Insekta virrar over vassflata, og det vakar så at det napper i fiskestanga mi som diverre ligg i neste depo. Hekkande måkar leiker seg i lufta medan dei jaktar på fisk oppslukt av insekter.
I det sola treff horisonten må einsemda mi vike for lukkekjensla. Eg må smile. Må le litt. Ikkje lengre aleine, men saman med naturen.
 
På veg innover Forollhogna varslar vêrmeldinga om pissregn og torevêr. For å unngå uvêret snur eg døgnet på hovudet, og står opp før daggry med mål om å nå fram til Ytjønnbua før himmelen revnar.
Når me byrjar å traske i firetida er det lite som vitnar om det komande vêrskifte. Dei fyrste solstrålene bikkar over horisonten og lysar opp eit trolsk myrlandskap. Det glitrar i morgondugget og verda vert farga i gull. Eit par traner støkker opp framfor oss, og med store, langsame vingeslag flyt dei over myra. Eg må gnikke ut søvn frå augo for å verkeleg ta inn skuet.

Eg ynskjer å verte ståande å kikke, men ein hærskare av store, hårete mygg har oppdaga matfatet og tvinger oss vidare. Medan me bevegar oss innover nasjonalparken kjem skyene krypande, og i det eg opnar døra til koia heng dei tungt rundt oss.
Eg velger ei køye og kryp i soveposen før eg sovnar til lyden av dei fyrste regndråpane som treff vindauga. Godt nøgd med at alt eg eig ligg trygt i ly for vassmengdene.
 
Det har eigentleg vert ein varm sommar med lite nedbør og tidleg snøsmelting. Myrane er difor tørre og lettgått. Vertfall så tørre dei kan verte utan å falle utanfor sin eigen definisjon. Som viktig leveområde for insekt, dyr og fuglar yrer det av liv rundt oss medan me traskar gjennom ulike myrtypar med tilhøyrande unike økosystem. Høglydte vingeslag frå skogsfugl, djupe elgtråkk, innpåslitne insektssvermar og hekkande vadefuglar som rettleiar oss vekk frå reira deira. Thorin drøymer om eit liv der han får lov til å jakte, og eg syng på Heim til mor av Odd Nordstoga.

Me har nyleg hatt kviledagar i Røros med besøk av mamma og pappa.
«Oda, sjå!» ropar mamma. Eit utbrudd som sender meg rett tilbake til barndomen.
Mamma har gartnaryrket i sjela og er eit levande leksikon om alt som veks her til lands.
«Det er det vakraste av det vakraste,» mumlar ho medan ho i kjent stil bøyer seg ned og vier heile merksemda si til eit lite teppe med linnea-blomar.
«Har du sett noko så sjarmerande lite?»
«Nesten som eit skjørt,» seier ho og slår ut armane for å etterligne formen på blomen.
Eg må smile. Kjennest ut som eg er fem år att, og er på eventyr med mamma og pappa i skogen heime. Eventyr der sjølv dei minste blomane har eigne forteljingar og både norske og latinske namn. Der spenning finnes bak kvart eit tre og rundt kvar ein mosegrodd stein. Dyrking av vitelysten og kjærleik for det som veks rundt oss. For ei vakker gåve dei har gitt oss ungane.
 
Besøket vert avslutta med turens mest uforutsette høgdepunkt: konsert med sjølvaste Norstoga. Mamma og eg står bakerst i konsertområdet med allereie gjennomvåte regnklede og kvar vår paraply medan me syng av full hals. Det Odd’n ikkje veit er at eg for snart to månadar sidan satt under eit tre i Austheiane og smågret til låta Så lenge eg har selskap. Utslitt og med litt knust mot mumla eg sangteksten medan regn og vind herja rundt meg. Snøsmeltinga var på sitt verste og elvekryssingane på sitt farlegaste, men som Odd’n så klokt syng: «Så lenge eg har selskap; så lenge greier eg alt.»

Slik har det seg altså at eg vandrar innover Sylan medan eg syng om å lengte heim til mor. Heiloen harmoniserer med sin melankolske melodi, og saman gir me verda ein skjerande duett. Rundt oss lev nasjonalromantikken i beste velgåande, og kvar ei lysning ser ut som eit maleri av elg i solnedgang. Elgen er derimot erstatta av ein naturfrelst jentunge og ein husky som nok eigentleg kunne ynskje at eg var ein elg.
 
Ikkje lenge etter fråtsar eg i solmodne multer og vert immun mot myggstikk. Eg har også nokre vage minner om at eg går meg vill ein stad, sett meg fast i ei myr, dårleg fiske og ei lang rekke hatløysingar. For å ikkje gløyme gnagsåret Thorin fekk grunna kløven. Uansett kva eg fann på ville det ikkje gro. Ein periode var det like før eg kasta heile makkverket av ein kløv i myra.
Alt dette vert derimot overskygd av hjartevarmen me vart møtt med undervegs. Det heile byrjar med Gaundalen fjellgard. Eigentleg var det to dagsmarsjar dit, men eg drøymde så inderleg om noko anna ein frysetørka mat. Denne draumen dreiv meg vidare, gjennom kratt og myr. Gjennom Trøndelag sitt stilause landskap og forbi det eg nokon gong trudde eg kunne gå. Dagen byrja ved daggry, og etter 11 timar og 40 km kunne eg endeleg setje meg ved piknikbordet utanfor hovudhuset. Framfor meg ligg det heimalaga pizza, saft og sjokolade. Eg et og nyt latmannslivet medan folka på garden jobbar med å få årets slått innomhus. På jorda står det rekkjer med fullasta hesjer, og eg draumar meg tilbake til barndom og gøymsel mellom hesjane.

Omtåka av nostalgi hoppar me vidare og forstyrre slåtten til neste fjellgard: Gjefsjøen. Her drikk eg heimelaga mjødurtsaft med akevitt medan eg får servert middag, kaker og ville historiar. Forteljingar om staden, folka og årrekker med «Noreg på langs»-vandrerar. Rundt oss herjar eit kraftig torevêr, og det vert lagt ned forbud mot å gå vidare den dagen.
 
Både formen og forholda er tåkete dagen etter. Sikta er berre eit par meter, og får meg til å tenkje på bestefar min som skildra tåke så tjukk at du kan skjere i ho med kniv.
Eg lèt derimot kniven liggje og hentar fram GPS’en. Tenkjer for meg sjølv at den må vere minst like effektiv mot tåka som fiskekniven. Rotar meg utpå ei utrygg hengjemyr og kjennar frykt krype oppover ryggrada. Sender ut eit oppgjeven brøl før eg finn kniven og skjer fram veg gjennom tåka.

Når eg setjer opp teltet den kvelden vrir eg opp både sokkane, skoa og sjela mi. Med tørre klede og varm sovepose forsvinn slitet og kulda. Frå teltopninga ser eg på medan toppen av Lurusneisa lurar seg ut av tåkehatten. Det er eit samisk arvefjell, og i den drivande tåka kan eg skimte eit utruleg skodespel om livet i fjella her. Eg sovnar til forestillinga med varmeovnen Thorin i armkroken.

Eg får ei siste natt i utkanten av Blåfjella-Skjækrefjella nasjonalpark. Ei vedmodig kjensle. I fjella her kunne eg vandra i vekevis. Kjenner meg heimkjær i desse til no ukjente traktene. Eg kan derimot sjå mot Nordli, mot LiVerten Kro og mot gratis elgburger.
Magen rumlar konstant etter snart tre månadar på tur, og eg lar svalten overstyre min melodramatiske relasjon til naturen. Me kranglar oss difor gjennom det siste stykket av myr og buskkratt. Med eit siste skrik bryt me gjennom tetta, og tumler forvirra inn i ein pågåande metalfestival. Festivalen får ein liten pause medan folk i heildekkande lær høfleg forklarar meg ruta vidare.
 
Framfor oss ligg ein lengre asfaltetappe og enno meir hjartevarme. Det vert elgburger på LiVerten, tilbod om skogsfugljakt på Matkroa, ny kløv til Thorin og overnatting i ei 100 år gamal jaktbu ved Kvelibua. Langs Fv342 stoppar ein kar kalla Pelle som byr på hytteovernatting, middag og transport av sekk. Av rein glede spring eg dei siste sju kilometerane til hytta. Der står det elgkjøtt, “krossade tomater”og Sarek-øl på kjøkkenbenken.

Dagen etter får oppakninga vår skyss med kjærasten hans til Røyrvik, og etter 30 km på asfalt får Thorin og eg overnatte på sovesofaen i frisørsalongen hennar. Til frukost får eg kakao av vår nye nabo, Edvard. Thorin har vorte sårbeint etter fleire dagar med asfalt, men som ivrig jeger og hundeeigar har Edvard alt ein treng for å få hundepotar klare til nye eventyr. I tillegg får Thorin og oppakninga vår privatsjåfår til Namsvatnet for at potane hans skal sleppe dei siste to mila på den ubarmhjartlege asfalten.
 
Eg står mållaus attende. Me nærmar oss fylkesgrensa til Nordland, og det er med vemod eg legg Trøndelag bak meg. Tenk at ein forvilla jentunge og eit sjarmtroll av ein husky kan oppleve så mykje godleik på så kort tid. Takksemda lokkar fram orda til Odd Nordstoga, og eg byrjar å synge på ei kjent strofe:
 
«Så lenge eg har selskap; så lenge greier eg alt


NORGE PÅ LANGS –en artikkelserie på 8 deler om Oda Ramsdals eventyr gjennom Norge. Serien strekker seg fra starten i Lindesnes i sør, gjennom et vårlig Skarvheimen og Jotunheimen, til sommerligere høyfjell og kystlandskap. I oktober 2021 kunne hun endelig stå på Nordkapp etter nesten et halvt år med sekken på ryggen.

Eg er ikkje eigentleg noko lettvektsentusiast, men på langtur som dette vil lågare vekt gi komfort i kvardagen. For min del handla det også om å redusere belastninga som kroppen vert utsatt for over tid.

Reis til Georgia!

Landet i Kaukasus med vakker natur, smaksrik mat og gjestfri atmosfære trekker stadig flere reisende.

Vårt nye brukt-konsept: Second Life!

Nå kan du kjøpe brukt, og i tillegg levere inn din gamle koffert til oss og få en verdikupong på kr. 300,-!

Bli med på Reparasjonsdag!

Vil du gi ødelagt tur- og reiseutstyr en ny sjanse? Kom innom oss Fredag 24. November!

Solo Travel: klar for å reise alene?

Å reise alene kan by på fantastiske opplevelser, mer fleksibilitet og dypere kontakt med mennesker enn om man reiser sammen med andre. Hva er egentlig solo travelling og hvorfor bør du gi det et forsøk dersom du har muligheten?

Topp 10 tips til backpacking!

Backpacking er en fantastisk måte å oppdage verden på, og lar deg komme tettere på andre kulturer og levesett enn de fleste andre reiseformer.

Topp 3 oppskrifter med sopp på primus!

Høsten er her, og det kryr av sopp i skogen. Enten du er nybegynner på sopplukking eller erfaren, så er det et hav av muligheter for å finne matsopp der du bor. Hva med å fyre opp primusen og lage et herlig måltid med selvplukket sopp?

Interrail: På skinner gjennom Europa

En sommer på skinner gjennom Europa er et eventyr du sent vil glemme, som tar deg tilbake til en tid da billige flyreiser ikke eksisterte. Vi har laget en guide til hvordan du kan planlegge årets store togeventyr.

Norge på langes (del 4) - Når draumar når bristepunktet

Turlivet er full av kontrastar. Milde sommarnetter vert regnfulle haustdagar. Storslegen høgfjell går over til frodige dalsøkk. Nedtur etterfølgjar opptur. Gleda av å vere akkurat der ein skal vere ender i draumar på bristepunktet.

Norge på langs (del 6) - Troms, eit tapande kapplaup mot vinteren

Kulda borar seg inn i beinmargen og slaps har for lengst funne vegn over skokanten. Sluddet piskar i andletet, og vinden går tvers gjennom både Gore-Tex og ull.

Norgesferie: 5 sommeraktiviteter

Fra varmende svaberg i sør til midnattssol i nord; vi tar deg med Norge på langs med fem spennende sommeraktiviteter.

Norgesferie: 7 gode grunner til å teste SUP i sommer

Kombinasjonen av bevegelse og naturopplevelser er temmelig uslåelig. SUP er en aktivitet som er lett å mestre, som gir deg sol i ansiktet, padletak på blikkstille vann, lyden av bølgeskvulp og lek i vannet. Ikke rart det er lett å bli hekta.