• Rask levering - lager i Norge - Gratis retur!


Vinterferiekampanje - 20% på alle varer i nettbutikken*
*Rabatten trekkes fra i handlekurven - gjelder ikke Samsonite, Patagonia og allerede nedsatte varer.
Gratis frakt og retur fra 500,-

Norge på langes (del 4) - Når draumar når bristepunktet

Tekst & foto - Oda Ramsdal - Del 4 i serien Norge på langs

Det kokar i Kjukkelelva. Eine vaket etter det andre lokkar og freistar. Bak oss veks det fram mørke skyer. Planen var å gå så langt som mogleg før regnvêret tar oss, men freistinga vert for stor. Augo mine møter Marcus sine, og utan eit ord vert me einige om at regn får vere regn. Her skal det fiskast.
 
Me drar fram fiskestanga i fart på veg ned skråninga. Hundane står festa i kvar sin storsekk. Det er berre to dagar sidan forrige depo, og sekkane veg framleis nok til å tjore hundane. Elva er brei, men grunn. Ikkje mykje tid til å la spinneren synke før ein må byrje å sveive inn att.
Samtlege eg har møtt på min veg har sagt det same:
«I Børgefjell er det mark og dupp som gjeld.»
Eg har nikka og takka for råda, men likevel står eg altså no i nasjonalparken utan verken dupp eller mark. Det er i slike stunder ein kan lure på om ein er tungnem.

Eg får derimot ikkje mykje tid til å reflektere over mi eiga emne til å lære, for som alltid skjer alt samstundes. Eg høyrer Marcus banne bak meg, og snur meg til synet av eit snøre som ryk. Det som derimot fangar merksemda mi er våre kjære trekkhundar som no hoppar på to bein for å dra sekkane våre med seg.
«Reinsdyr!» ropar Marcus i det noko røskar i andre enden av snøret mitt.
«Nap!» ropar eg.
Ser ryggen på fisken rase eit par meter nedover elva. Prøver å rettleie den til høgre. Rundt ein stein. Over ei grunne. Held pusten. Så er den nær nok til at eg får handa mi rundt den.
«Eg har den!» gaular eg. «Hahaaaha, eg har den!»
Så bryjar det å ause ned. På eit par sekund er me våte heilt inn til marg og bein, men sjølv ikkje pissregnet klarar å tørke av meg gliset.
 
Den kvelden vert det ekstra kveldsmat på både to- og firbeinte. Dagens fangst vert dynka i smør, og kroppen jublar over dei ekstra kaloria. Fiskevekta gjekk ikkje gjennom nålauge under pakkinga, så kva fisken veg får me nok aldri vete. Eg kan derimot fortelje dykk at den ikkje var så stor som eg får det til å høyrast ut. Kvalifiserte gjett ligg på 200-300 gram, men om ein veg fisken basert på lukkekjensle ligg den nok nærare kiloen.

Me tar for tida livet heilt med ro. Etter asfaltetappen har både Thorin og eg litt skavanker i beina, og dagane går difor meir i fiske enn framdrift. Regelmessige regnskyll sørger for at alt me eig er høveleg vått til ei kvar tid, og sola kikkar fram ofte nok til at me får tørka det viktigaste. Rundt oss byrjar dei fyrste teikna på haust å gjere seg til kjenne. Eit og anna gult bjørketre står som kontrast til alt det grønne, og den vennlege sommarvarmen takkar gradvis for seg. Å fryse vert på nytt ein del av kvardagen: enten om me veljar å tørke kleda på kropp, eller starte dagen kald og våt. Lyspunkta kjem likevel på rekkje og rad. Me fråtsar i fisk, multer og blåbær. Får servert pils og jaktskrøner ved Grannes Camping og et oss stappmette på dei berømte NPL-bollene ved Tverrelvnes. Det aller beste er derimot når sola bryt gjennom skylaget og krampetrekningane frå sommaren gir varme til kropp og sinn.
 
Gradvis forflyttar me oss oppover Nordlandsruta. Gjennom utrulege høgfjellslandskap og frodige dalsøkk. Humøret mitt speglar terrenget, og vekslar frå voldsamme gledesrop til frustrert banning. Augeblikkelege reaksjonar på det som skjer rundt meg. Blotta for kvardagen sine krav om å vente til ei passande stund. Ein av turboblas herlege luksusar.

Ved Umbukta Fjellstue feirar eg 27-årsdag med ferdigpizza og smågodt før Marcus og Kora reiser heim att. På nytt er det berre Thorin og meg. Eg har slutta fred med einsemda for lenge sidan, og ynskjer mest at vandringa vår gjennom landet aldri skal ta slutt. Dette vert derimot overskyggja av ein veksande smerte under venstre fot. Det iler på kryss og tvers av fotsålen min, og dagane vert forma deretter. For kvar dag som går kjenner eg på usikkerheit. Veit ikkje om eg vaknar til ein fot som er verre eller betre. Thorin jaktar stadig på reinsdyr, og trekkinga hans gjer ikkje belastninga på beina mine betre. På veg gjennom Saltfjellet veljer eg difor å sende han heim.
 
Eg draumar at eg har med syltetøyglas i sekken, og vaknar lettare irritert over den unødvendige vekta. Thorin registrerer røysle frå soveposen min, og signaliserer som vanleg at han vil ut. I det den store trekkhunden forlét teltet, straumar det inn eit dust lys. Verda er innhylla i dis og bakken er dekka av frost. Kulda får frostrøyken til å danse rundt hovuda våre før den forsvinn inn i disen. Solstrålene kikker over fjelltoppane, og den vesle bobla vår vert ei diskokule. Bakken glitrar. Teltet glitrar. Heile verda glitrar. Eg vert sitjande å stirre. Gløymer ut at eg eigentleg er morgongretten, at eg har oppdikta syltetøyglas i sekken og at eg har 28 kilometer på vonde bein framfor meg. I stadan for fokuserer eg på å gjere mest mogleg ut av den siste dagen saman med Thorin. Ler litt ekstra av påfunna hans og lar bamseklemmane vare litt lengre. Likevel er det med vemod eg gir han tilbake til flokken sin på kvelden.

For meg venter tre kviledagar saman med familie i Misvær. Medan eg ligg med beina høgt jobbar hausten på høggir, og når eg byrjar å gå har verda eksplodert i fargar. I lufta heng kuldedraget, og t-skjorte, shorts og tankar om sommar vert sendt sørover. På veg innover Junkerdalen går regnbyger og solglimt slag i slag. Rundt meg byggjer regnbuane bruer mellom dalsidene, stolte reinsbukkar viser fram krona si og fjelltoppane er dekka av årets fyrste melisdryss. Alt saman er så forunderleg vakkert, og står som brutal kontrast til uroa som har fått grobotn inni meg.
 
Til tross for kviledagar har smerten i beina mine har funne nye vegar: for kvart steg slår den oppover leggene mine. Den er ikkje lengre sporadisk og flyktig, den er hyppig og langvarig. Eg ligg i teltet etter ein full dag med halting på begge bein. Det er langt over midnatt, men eg klarar ikkje å sovne. Beina mine dunkar, og utanfor har himmelen revna. Det høyres ut som den gret saman med meg. Hjernen min søkjer febrilsk etter moglegheiter, men møter veggen gong på gong.
 
«Heilt ærleg, kor ofte har du vurdert å bryte?» har fleire spurt meg.
Eg er ganske dårleg på å gi meg, så tanken på å bryte har, heilt ærleg, aldri slått meg. Det vil seie før no. For korleis skal eg kome meg til Nordkapp når eg ikkje klarar å gå? Spørsmålet får hjernen min til å møte veggen atter ein gong, og slik har eg det gåande i eit par timar til. Det er ikkje frykta for å ikkje å nå målet som svir mest: det er sorgen av å ikkje få med meg hausten, dei fyrste teikna til vinter og naturen i Nord-Norge.

På morgonkvisten sender eg melding til hjelpeapparatet i Misvær.
«Gi meg tre timar så kjem eg med sykkel.» er svaret.
Slik har det seg altså at den langsame vandraren plutseleg vart racersyklist med raskebriller. Eitpersonlegdomsskifte som kjennes overraskande kledeleg. Til tross for taktskifte fortsetter skitvêret, men hagelbyger, vind og pissregn er mindre karakternedbrytande på sykkelsetet. Dessutan får lukke-einhjørningen eg fekk frå mamma og pappa forsetet og tar slik styringa for vegen vidare.

Ruta følgjer E6 med sine kvasse svingar og bratte fjell. Dei får lårmusklaturen til å svi og bremseklossane til å gnistre. Vegen er på ingen måte like strak som D.D.E. skal ha det til. Rundt meg susar tungtransport, bobilar og motorsyklistar, og saman trilla me gjennom eit utruleg kystlandskap. Eg har ikkje sett havet sidan eg vende ryggen til Lindesnes for fire månadar sidan. Som utflytta vestlending er det godt å endeleg fylle lungene med sjøluft, høyre måkeskrik og puste i takt med bølgjene. Fjella som skyt rett opp frå havet etterlét meg mållaus, og sjølv om dette var alt anna enn planen er eg takksam for ruteendringa. Dagane mine byrjar og avsluttes med eit iskaldt fotbad i havet og massasje med smertestillande gel. Ein kombinasjon som sakte, men sikkert tvingar smertene til å gi slepp, og etter ei veke med roleg sykling får eg eit gledeleg gjensyn med storsekken.
 
Eg står nå ved slutten av Nordland. Foran meg har eg eit vakkert høgfjellslandskap. Fjelltoppane er dekka av snø, kveldssola fargar hausten gyllen og i fanget har eg ein ekstrastor pose ostepop. Til tross for at det berre er ei lita veke sidan beina mine kollapsa, kjennes frykta for å måtte bryte fjern og abstrakt. Sluntrar eg med rutinene kjenner eg murring frå beina, men det er ikkje verre enn at det kjem til å gå. Det har eg faktisk aldri vert sikrare på. Fyrst har eg derimot ein månad att med eventyr, og akkurat det er mykje viktigare enn Nordkapp.


NORGE PÅ LANGS –en artikkelserie på 8 deler om Oda Ramsdals eventyr gjennom Norge. Serien strekker seg fra starten i Lindesnes i sør, gjennom et vårlig Skarvheimen og Jotunheimen, til sommerligere høyfjell og kystlandskap. I oktober 2021 kunne hun endelig stå på Nordkapp etter nesten et halvt år med sekken på ryggen.

Eg er ikkje eigentleg noko lettvektsentusiast, men på langtur som dette vil lågare vekt gi komfort i kvardagen. For min del handla det også om å redusere belastninga som kroppen vert utsatt for over tid.

Bli med på Reparasjonsdag!

Vil du gi ødelagt tur- og reiseutstyr en ny sjanse? Kom innom oss Fredag 24. November!

Solo Travel: klar for å reise alene?

Å reise alene kan by på fantastiske opplevelser, mer fleksibilitet og dypere kontakt med mennesker enn om man reiser sammen med andre. Hva er egentlig solo travelling og hvorfor bør du gi det et forsøk dersom du har muligheten?

Topp 10 tips til backpacking!

Backpacking er en fantastisk måte å oppdage verden på, og lar deg komme tettere på andre kulturer og levesett enn de fleste andre reiseformer.

Topp 3 oppskrifter med sopp på primus!

Høsten er her, og det kryr av sopp i skogen. Enten du er nybegynner på sopplukking eller erfaren, så er det et hav av muligheter for å finne matsopp der du bor. Hva med å fyre opp primusen og lage et herlig måltid med selvplukket sopp?

Interrail: På skinner gjennom Europa

En sommer på skinner gjennom Europa er et eventyr du sent vil glemme, som tar deg tilbake til en tid da billige flyreiser ikke eksisterte. Vi har laget en guide til hvordan du kan planlegge årets store togeventyr.

Norge på langes (del 4) - Når draumar når bristepunktet

Turlivet er full av kontrastar. Milde sommarnetter vert regnfulle haustdagar. Storslegen høgfjell går over til frodige dalsøkk. Nedtur etterfølgjar opptur. Gleda av å vere akkurat der ein skal vere ender i draumar på bristepunktet.

Norge på langs (del 6) - Troms, eit tapande kapplaup mot vinteren

Kulda borar seg inn i beinmargen og slaps har for lengst funne vegn over skokanten. Sluddet piskar i andletet, og vinden går tvers gjennom både Gore-Tex og ull.

Norgesferie: 5 sommeraktiviteter

Fra varmende svaberg i sør til midnattssol i nord; vi tar deg med Norge på langs med fem spennende sommeraktiviteter.

Norgesferie: 7 gode grunner til å teste SUP i sommer

Kombinasjonen av bevegelse og naturopplevelser er temmelig uslåelig. SUP er en aktivitet som er lett å mestre, som gir deg sol i ansiktet, padletak på blikkstille vann, lyden av bølgeskvulp og lek i vannet. Ikke rart det er lett å bli hekta.

Pakkeliste til storbyferien

Storbyferien blir enda bedre om du holder deg unna dehydrering, vonde knær og solbrent nese. Vi har laget en pakkeliste med 7 essensielle ting du bør pakke med deg.

Picnic: Våre sommerfavoritter til utelunsjen

Gjør det enkelt ved å ta med hele eller deler av lunsjen pakket og klar hjemmefra, så kan du fokusere på å stikke nesa opp mot sola og nyte det gode selskapet. Vi har testet og plukket ut fem av våre utstyrsfavoritter til en deilig utelunsj i sommer.