0

Din handlekurv er tom


Noreg på langs:
Pakkeliste

Tekst og foto: Oda Ramsdal

Sekken er ein stor del av kvardagen på tur. Den heng på ryggen dag ut og dag inn. Opp bratte fjellsider, og ned like bratte nedstigningar. Eg er ikkje eigentleg noko lettvektsentusiast, men på langtur som dette vil lågare vekt gi komfort i kvardagen. For min del handla det også om å redusere belastninga som kroppen vert utsatt for over tid. Noreg på langs er ein fleirårig draum som eg har investert mykje i for å oppnå. Kjøp og test av utstyr, tid til planleggjing og eit halvt år utan lønn. Eg var ikkje villig til å risikere å måtte bryte grunna overbelastning.

 


 

Eventyrer og friluftsfotograf

Oda Ramsdal (27) er en av Chillouts ambassadører.
Fra mai til oktober 2021 gikk hun
«Norge på langs» alene. En vandring gjennom variert landskap, kjærkomne folkemøter, sesongskifter og værfenomener.

Oda er grafisk designer og fotograf fra Vestlandet. En barndom full av fjell, skog og hav har gitt en evig dragning mot naturopplevelser, og har til nå resultert i solotur fra Oslo til Bergen, Femundløpet og en lang liste av fremtidige eventyr.




 
Kva som er bærekomfort vil sjølvsagt variere frå person til person. Det same gjeld kva som vurderast som naudsynt utstyr. Eg er til dømes utruleg glad i å ta bilete, og hadde med eit teleobjektiv på 800g. For nokon framstår sikkert det heilt uforståeleg, men for min del har kamerautstyret større verdi enn vekta den utgjer.
 
For meg er 20 kg idealvekt, men veit at eg har gått litt over innimellom. Grunnvekta på sekken låg rundt 12 kg + vekta på mat. Sistnemnde varierar basert på etappelengde, kvar den kortaste etappen var seks dagar og lengste tolv dagar. Fleire depo drar ned vekta, og ferre depo drar opp vekta. Maten låg for det meste rundt 8-13 kg per etappe, og sekken var sjølvsagt tyngst dei første dagane etter påfyll. For å redusere total belastning gjekk eg ofte kortare dagar medan sekken var på sitt tyngste, og lengre dagar etterkvart som sekken vart lettare.
 
Eg har visst at eg skulle gå NPL ei stund, og har hatt det i bakhovudet når eg har investert i utstyr dei siste åra. Ellers kjøpte eg mykje av utstyret inn mot turen brukt, som både hjelp lommeboka og verda.

PAKKELISTE

Innhaldet i sekken for Noreg på langs kjem til å variere gjennom turen. For min tur som gjekk frå 14. mai til 22. oktober endra behova seg med sesongane. I pakkelista har eg difor lagt inn tidsperiode på enkelte punkter.


Grunnutstyr

 Sekk (2,3kg)
 Telt Helsport Sarek (mai-jun, sept-okt) (1,7kg)
 Telt MSR Hubba Hubba (jul-aug) (1,7kg)
 Sovepose (860g / comf. t. -5)
 Oppblåsbart liggeunderlag (200g)
 Skum liggeunderlag (410g)
 Truger (mai-juni) (1,8kg)
 Soveposeliner (sept-okt) (500g)

 Pakkposer
 Fiskestang + sluker (jun-sept)
  Gåstav


Klær
 Turbukse
 Skallbukse
 Stilongs: x1 (mai-aug) / x2 (sept-okt)
 Shorts (jun-aug)
 
 Skalljakke
 Dunjakke
 Ullfrotte: x1 (jun-aug) / x2 (mai, sept-okt)
 Ull t-skjorte (jun-aug)

 Lue
 Caps
 Buff
 Solbriller
 Handskar
 Vindvottar + innervottar (sept-okt)
 Gamasjer (mai-jun, sept-okt)
 
Nytt ved depo:
 2x sokker, ull (1 par til å gå med, 1 par til telt)
 2x truser, ull
 1x sports-BH, ull
 
Sko
 Joggesko (til grus/asfalt)
 Crocs (teltsko/vading)
 Fjellsko

Kjøkkenutstyr
 Kjele
 Gassbrennar + gass
 Fyrstikker
 Suppekopp
 Spork
 Kniv
 Osprey Hydrationpack
 Naglene flaske (sept-okt)

Hygiene
 Turhandklede + såpe
 Tangle Teezer (hårbørste)
 Tannkost + tannkrem
 Handsprit
 Toalettpapir
 Menskopp
 Intimvask
 Solkrem
 Myggspray
 Ørepropper
 
Repkit
 Ekstra barduner
 Skolisser
 Lim (rep. av små hull)
 Sykit
 Ulike tekstiler
 Liten leatherman
 
Førstehjelp
 Voltarol Forte Gel
 Bacimycin
 Pinsett
 Knestøtte
 Sportstape
 Sikkerhetsnåler
 Isplaster
 Smertestillende
 Kompresser
 Sårvask (sårservietter)
 Plaster
 Gnagsårplaster
 Kur til urinvegsinfeksjon
 Klebrig bandasje (hund)
 Sårsalve (hund)





Navigasjon og sikkerhet
 Kart + nedlasta kart på mobil
 Kompass
 DNT Nøkkel
 Garmin InReach Mini (hugs abonnement)
 
Teknologi
 Powerbank + lading
 Hodelykt
 Canon EOS R + 2x batteri
 Objektiv / Canon EF 50mm + Canon EF 70-300mm



Thorin (i kløv)
 Kløv
 Potesokker
 Matskål
 Liten oppstallingsline (wire)
 Leieband
 Mat (ekstrem aktivitet tørrfor, frysetørka m/vitaminpulver, ekstra fett)

 

 

 
 
Mat
 
Frukost
Müsli/havregryn blanding + smør, sjokoladebiter
Toro Risgraut (hurtigkokt) + smør, rosiner (obs! lågt kaloriinnhald, men magisk alternativ til havregrauten)
 
Middag
Frysetørka middag + couscous, knuste linfrø, nudler, smør (for å få opp kcal)
 
Lunsj
Rett-i-koppen suppe + couscous, knuste linfrø, nudler, smør (for å få opp kcal)
 
Snacking
Bixit, sjokolade, tørka frukt, mårpølse, chips, ostepopp, bjørnebrød (laga sjølv), nøtteblanding, smågodt, energibarer (alt som held matlysta oppe)
 
Drikke
Istepulver, kakao, solbærtoddy, te
 
Hadde også med multivitaminer, då det over ikkje akkurat er variert kost.

–––––––––––––––––––– CHILLOUT TRAVEL & OUTDOOR // NORGE PÅ LANGS – EN REISE I 8 ARTIKLER ––––––––––––––––––––


 

NORGE PÅ LANGS – en artikkelserie på 8 deler om Oda Ramsdals eventyr gjennom Norge.Serien strekker seg fra starten i Lindesnes i sør, gjennom et vårlig Skarvheimen og Jotunheimen, til sommerligere høyfjell og kystlandskap. I oktober 2021 kunne hun endelig stå på Nordkapp etter nesten et halvt år med sekken på ryggen.

 



Kanskje du også er interessert i:


Noreg på langs:
Om ein vassar i snø lenge nok
kjem sommaren

Å vere ute. Helst enda lengre en før. Ein motreaksjon til stillesittjande år vert eit brennande ynskje om å komme seg ut. Som born var naturen så nær: lukta av nattfiolen i mørket, leik i sjøkanten og spionasje på hjorten. Pushe grenser og kjenne blodsmaken opp ei bratt fjellside. Må ut att. Svaret vert langtur – nærare bestemt Noreg på langs.


VELG RIKTIG SOVEPOSE

En god og varm sovepose er helt vesentlig når du skal sove utendørs.


Vi har laget en enkel guide til hvilken sovepose som passer deg best.

Jakten på den perfekte kroppstemperaturen i utesesongen

Livet på tur er best når kroppstemperaturen er helt perfekt. Du er hverken for kald eller for varm, og uansett om det regner, snør eller blåser, holder du deg varm på føttene og under jakka. 

For å holde på den perfekte kroppstemperaturen på tur, er det viktig med riktig bekledning og justering av plaggene underveis. Spesielt nå som høsten har ankommet og vinteren er rett rundt hjørnet er det viktig å kle seg riktig. Det finnes heldigvis flere gode og utprøvde triks!


Nyhetsbrev