Tekst og foto: Oda Ramsdal
Tekst og foto: Oda Ramsdal
Det finnes nok like mange versjonar av Noreg på langs som det finnes Noreg på langs’ere. Det er ein langtur som du kan skreddersy til å passe dine ynskjer og forutsetningar, og med utallige moglegheiter finnes det ingen fasit. Her kjem mine erfaringar frå min tur, og korleis eg løyste ulike utfordringar både før og under loffinga mi frå sør til nord. Mykje av dette vil også vere relevant dersom du draumar om andre langturar her til lands.
DEL 5 I SERIEN «NORGE PÅ LANGS»
Eventyrer og friluftsfotograf
Oda Ramsdal (27) er en av Chillouts ambassadører.
Fra mai til oktober 2021 gikk hun «Norge på langs» alene. En vandring gjennom variert landskap, kjærkomne folkemøter, sesongskifter og værfenomener.
Oda er grafisk designer og fotograf fra Vestlandet. En barndom full av fjell, skog og hav har gitt en evig dragning mot naturopplevelser, og har til nå resultert i solotur fra Oslo til Bergen, Femundløpet og en lang liste av fremtidige eventyr.
–––––––––––––––––––– CHILLOUT TRAVEL & OUTDOOR // NORGE PÅ LANGS – EN REISE I 8 ARTIKLER ––––––––––––––––––––
NORGE PÅ LANGS –en artikkelserie på 8 deler om Oda Ramsdals eventyr gjennom Norge. Serien strekker seg fra starten i Lindesnes i sør, gjennom et vårlig Skarvheimen og Jotunheimen, til sommerligere høyfjell og kystlandskap. I oktober 2021 kunne hun endelig stå på Nordkapp etter nesten et halvt år med sekken på ryggen.
Å vere ute. Helst enda lengre en før. Ein motreaksjon til stillesittjande år vert eit brennande ynskje om å komme seg ut. Som born var naturen så nær: lukta av nattfiolen i mørket, leik i sjøkanten og spionasje på hjorten. Pushe grenser og kjenne blodsmaken opp ei bratt fjellside. Må ut att. Svaret vert langtur – nærare bestemt Noreg på langs.
// NORGE PÅ LANGS –en artikkelserie på 8 deler om
Oda Ramsdals eventyr gjennom Norge.
Serien strekker seg fra starten i Lindesnes i sør, gjennom et vårlig Skarvheimen og Jotunheimen, til sommerligere høyfjell og kystlandskap.
I oktober 2021 kunne hun endelig stå på Nordkapp etter nesten et halvt år med sekken på ryggen.
Humla susar og sola skin. Eit yrande seterliv med konturar av ei svunnen tid. Alt ligg til rette for å nyte livet på loffen.
Nyte fridommen. Nyte det å ha tørre sko. Idyllen vert derimot brutt av summinga frå ein million mygg og eit destruktivt tankesett.
For kva gjer du når den største utfordringa er ditt eige hovud?
Sekken er ein stor del av kvardagen på tur. Den heng på ryggen dag ut og dag inn. Opp bratte fjellsider, og ned like bratte nedstigningar. Eg er ikkje eigentleg noko lettvektsentusiast, men på langtur som dette vil lågare vekt gi komfort i kvardagen.
For min del handla det også om å redusere belastninga som kroppen vert utsatt for over tid. Noreg på langs er ein fleirårig draum som eg har investert mykje i for å oppnå. Kjøp og test av utstyr, tid til planleggjing og eit halvt år utan lønn. Eg var ikkje villig til å risikere å måtte bryte grunna overbelastning.
Inspirasjon, produktnyheter, tilbud og utstyrstips - til reise og friluftsliv!