• Rask levering - lager i Norge - Gratis retur!


Gratis frakt og retur fra 500,-
Bli medlem15% rabatt på første ordre!*

Norge på langs (del 1) - Om en vasser i snø kommer sommeren

«Møkkaføre,» mumlar eg til meg sjølv medan eg speidar etter neste raudmerke. Ikkje at eit raudmarke hjelp så mykje, stien er uansett gøymt under ein halvmeter med rotten snø. Sjølv med truger får eg gjennomslag opp til knea. Vinteren har i tillegg gitt gamalskogen noko å bryne seg på. Rundt oss ligg det knekte trer på kryss og tvers av det eg trur eg stien.
Eg prøver forgjeves å sjå etter ei glippe i tetta, men Thorin har fått nok av den meiningslause speidinga mi og drar oss vidare under ei velta bjørk. Den sterke trekkhunden tvinger meg inn i ein uverdig runde limbo. Medan greinene skrapar opp både hud og goretex får eg flashbacks til dansegulv, heiarop og ein horisontal vaskekost.Oppslukt i eigne traumer taper eg og storsekken kampen mot tyngdekrafta, og eg vert liggjande under bjørka lik ei skilpadde på rygg.
Dei siste dagane har vert eit slit gjennom snøsmeltinga sitt omsynslause grep, og eg er freista til å berre verte liggjande.

I tenåra tok eg nokre sabbatår frå friluftslivet og utvikla ein slavisk relasjon til Internett. Ein livsstil som på ingen måte var bærekraftig, og då eg bikka 20 år kom det ein kraftig motreaksjon til desse stillesitjande åra.
Eg lengta etter nærleiken eg hadde til naturen som born. Mamma som vekte oss midt på natta for å lukte på nattfiolen. Rusleturar i skogen, bålkos ved sjøen og spionasje på hjorten. Pushe grenser. Kjenne blodsmaken på veg opp ei bratt fjellside og vinden som riv og røskar. Eg måtte ut. Ut å oppleve turlivets herlege blanding av leik, meistring og kaving.
 
Slik har det seg at eg ein maidag i 2021 tripper rundt på Lindesnes. Halve slekta har møtt opp for å sende meg avgarde, og dei flagger så aggressivt at 17. mai vert ei bleik samanlikning. I eit sammensurium av raudt, kvitt og blått legg eg i veg medan sommarfuglane herjer i magen. Heiaropa forsvinner bak meg, og kjensla av å endeleg vere i gong setter inn. Fri som fuglen i seks månadar.

For å spare beina frå asfalten sykler eg det første stykket frå kysten og opp til fjella. Sommaren har byrja i lavlandet, og eg suser forbi blomeeng etter blomeeng.

Thorin og sekken venter på meg ved Dølemo, og den 17. mai byrjar det vesle toget vårt på ferda innover Austheiane.

Den overilte turgleda varer derimot ikkje lenge. Me møter på snøsmeltinga allereie andre dagen, og må etter dette verkeleg jobbe for fremdrifta. Det veksler mellom blaute myrer, snøpartier, store elver og knekte trer. I starten tar eg trugene av og på mellom slaga, men etterkvart oppdager eg at trugene egner seg vel så godt over myrdraga. Dei får til og med vere med på eit par elvekrysningar.

Det byrjar å mørkne, og eg leiter framleis etter teltplass. Eg kjenner på ein byrjande uro medan me jobber oss lengre og lengre opp i høgda i håp om å finne ein bar flekk til teltet.
Me kjem til eit bratt klyv, og før eg får tenkt meg om hoppar Thorin vidare. Kløven jobbar i mot han, og eg ser på medan min firebeinte ven tipper bakover.

«Thorin,» brølar eg medan eg prøver å ta han i mot. Han glipper mellom henda mine og ruller videre. Eg kaster meg ned i snøfonna for å bremse fallet. Lina mellom oss strammer til, og krafta frå nøkket drar meg eit stykke nedover før eg får bremsa med beina. Kjenner at heile kroppen rister. Thorin ligger halvanna meter nedfor meg, og eg er overbevist om at han er skada. Den luringen spretter derimot berre opp att, rister av seg litt snø og lurar på kvifor eg ikkje har gjort det same.

Me finner ein teltplass like etter. Eg skjelver framleis og ringer heim. Ei roleg røyst i andre enden kjem med kloke ord som får skuldrene mine til å senke seg i takt med solnedgangen.
Medan sola farger blånene raude glir augo mine att og eg sovner utanfor teltet med Thorin i armkroken. Eg vaknar i mørket av skvaldringa frå rypesteggen, og finner etterkvart vegen inn i teltet. Kjenner på at eg er akkurat der eg skal vere.

Den neste tida står i stor kontrast til denne kveldstunda og er prega av pissregn, meir vassing i snø og elvekryssingar med livet som innsats.

«Er dette karakterbyggjande eller karakternedbrytande?» spør eg meg sjølv med jamne mellomrom. Fjellskoa mine er fylt av iskaldt vatn, og sjølv i bevegelse har eg ikkje kjensler i føttene. Hatet mitt for truger er stigande og Thorin drar i alle retningar medan han jakter på både ekte og innbilte dyr.
Likevel er det alltid noko som drar opp stemninga. Besøk av kjæraste og vener. Det å ha nokon å le saman med. Å ake på rumpa ned snødekte fjellsider, Thorin sine forunderlege påfunn, åtte orrhanar som støkker samstundes, beveren som laga bru for oss og første møte med villrein på Hardangervidda.
 
Det aller beste er derimot når sola bryt gjennom skylaget og minnar oss alle på at sommaren er på veg. For den er på veg. Det er teikn til det over alt rundt meg.
Då eg byrja turen støkka det opp kvite ryper på 200 meter. Både snøen og den kvite fjærdrakta har derimot sakte, men sikkert gitt slepp for varmare tider. Skvaldringa frå steggen har gradvis vorte meir intens; fulle av hormoner og overmot flyg dei rett mot meg medan dei flaksar med vingene for å veilede meg vekk frå kjerringa si. Til tross for steggen sitt ypperlege arbeid har eg likevel fått eit par rugande høns rett i fleisen dei siste dagane. Sjokket sender meg nesten i bakken, men vert fort gløymt når eg får auge på forseggjorte reir med eit titalls egg. Der ligg framtida. Så skjøre og utsatt. “Lukke til,” kviskrar eg og ruslar forsiktig vidare.

Etterkvart som bakkane vert grøne heng trugene meir og meir på sekken. Eg kan endeleg la beina fly utan å jobbe for kvar meter. Over Hardangervidda skriv kalenderen juni og sola steikjer så hardt at turbuksa må av. Ferda går vidare i t-skjorte og truse med ein intens lengsel etter ei flaske Solo. Eg må derimot ta til takke med istepulver og nedkjøling i ei og anna snøfonn.
Ein gamal kjenning har også fått nyss i at somaren er å veg og melankolske pip kan høyrast over kvar einaste bakketopp. Eg kan ikkje anna enn å stemme i heiloen si ivrige song, og med kvar vår skjærande røyst ynskjer me sommaren velkomen.

Smitta av steggens overmot og heiloens iver sender eg trugene heim ved Ustaoset og legger lukkeleg uviten avgarde inn i Skarvheimen. Med sommar på hjernen og shortsen i sekken går me rett inn i vinter, nysnø og tåke.
På nytt vasser me med snø opp til knea og savnet etter truger er overdøvande. På 1500 moh er det lite teikn til snøsmelting, og DNT-stien kan eg sjå langt etter. Medan tåka tjukner til rundt oss kan eg ikkje anna enn å le av min eigen naivitet. Konturane forsvinn ut i ingenting og fukta heng i lufta. God gamaldags white out.
 
Under snøen ligg det ei lunefull steinur som gjer meg lettare nervøs kvar gong eg får gjennomslag. Plutseleg står eg med snø opp til låra og beina kiler seg fast mellom steinane.
«Ta deg saman,» mumlar eg etter eit fall som kunne enda stygt. Eg har ikkje rom til å vere sløv, men kombinasjon av snø og steinur tapper meg for krefter. Kvart eit steg koster, og det einaste som held meg gåande er det jamne draget frå Thorin. Lederhunden som er avla for Finnmarksløpet 1200, og som drar meg målretta gjennom kavet. Ein tryggleik i alt det kvite.

Sola er seg sjølv lik og kikkar fram rett før eg treff bunn. Varmen frå ho bannlyser både tåke og mørke tankar. Solstrålene veiledar blikket mot taket på Bjordalsbu, og dei siste metrane mot hytta blandar tårer seg med naseblod. Dekka i makaber krigssminke legg eg smeltesesongen bak meg for godt, og ved porten til Jotunheimen tar eg ein skarp høgresving mot aust. Mot seterdrift, tørre fjellsko og sankthansfeiring.
 
Snøen er erstatta av ei fargerik verd i full blomstring. Sola steiker og teltet er eit drivhus då me vaknar.
Eg startar dagen med eit friskt morgonbad medan Thorin stjel vaflene eg fekk dagen før. Eit fjellvåk par vokter reiret sitt og slepp ut eit og anna skrik. Nokre kalvar slår kolbøtter i somarvarmen og Bygdinstøga serverer verdas beste rømmegraut. Eg stopper opp for å trekke inn lukta av sommar og får auge på ei humle som susar frå blom til blom. Synet kjem med ei voldsom lukkekjensle. Vissheita om at eg har lagt siste snøflekken bak meg er overveldande.
«Det er sommar,» kviskrar eg til Thorin som har fått auge på eit titals sauer. «Det er sommar,« ropar er til sauene. «Det er sommar!» gaular eg til alt og alle.


NORGE PÅ LANGS – en artikkelserie på 8 deler om Oda Ramsdals eventyr gjennom Norge.Serien strekker seg fra starten i Lindesnes i sør, gjennom et vårlig Skarvheimen og Jotunheimen, til sommerligere høyfjell og kystlandskap. I oktober 2021 kunne hun endelig stå på Nordkapp etter nesten et halvt år med sekken på ryggen.

Eg er ikkje eigentleg noko lettvektsentusiast, men på langtur som dette vil lågare vekt gi komfort i kvardagen. For min del handla det også om å redusere belastninga som kroppen vert utsatt for over tid.

Bli med på Reparasjonsdag!

Vil du gi ødelagt tur- og reiseutstyr en ny sjanse? Kom innom oss Fredag 24. November!

Solo Travel: klar for å reise alene?

Å reise alene kan by på fantastiske opplevelser, mer fleksibilitet og dypere kontakt med mennesker enn om man reiser sammen med andre. Hva er egentlig solo travelling og hvorfor bør du gi det et forsøk dersom du har muligheten?

Topp 10 tips til backpacking!

Backpacking er en fantastisk måte å oppdage verden på, og lar deg komme tettere på andre kulturer og levesett enn de fleste andre reiseformer.

Topp 3 oppskrifter med sopp på primus!

Høsten er her, og det kryr av sopp i skogen. Enten du er nybegynner på sopplukking eller erfaren, så er det et hav av muligheter for å finne matsopp der du bor. Hva med å fyre opp primusen og lage et herlig måltid med selvplukket sopp?

Interrail: På skinner gjennom Europa

En sommer på skinner gjennom Europa er et eventyr du sent vil glemme, som tar deg tilbake til en tid da billige flyreiser ikke eksisterte. Vi har laget en guide til hvordan du kan planlegge årets store togeventyr.

Norge på langes (del 4) - Når draumar når bristepunktet

Turlivet er full av kontrastar. Milde sommarnetter vert regnfulle haustdagar. Storslegen høgfjell går over til frodige dalsøkk. Nedtur etterfølgjar opptur. Gleda av å vere akkurat der ein skal vere ender i draumar på bristepunktet.

Norge på langs (del 6) - Troms, eit tapande kapplaup mot vinteren

Kulda borar seg inn i beinmargen og slaps har for lengst funne vegn over skokanten. Sluddet piskar i andletet, og vinden går tvers gjennom både Gore-Tex og ull.

Norgesferie: 5 sommeraktiviteter

Fra varmende svaberg i sør til midnattssol i nord; vi tar deg med Norge på langs med fem spennende sommeraktiviteter.

Norgesferie: 7 gode grunner til å teste SUP i sommer

Kombinasjonen av bevegelse og naturopplevelser er temmelig uslåelig. SUP er en aktivitet som er lett å mestre, som gir deg sol i ansiktet, padletak på blikkstille vann, lyden av bølgeskvulp og lek i vannet. Ikke rart det er lett å bli hekta.

Pakkeliste til storbyferien

Storbyferien blir enda bedre om du holder deg unna dehydrering, vonde knær og solbrent nese. Vi har laget en pakkeliste med 7 essensielle ting du bør pakke med deg.

Picnic: Våre sommerfavoritter til utelunsjen

Gjør det enkelt ved å ta med hele eller deler av lunsjen pakket og klar hjemmefra, så kan du fokusere på å stikke nesa opp mot sola og nyte det gode selskapet. Vi har testet og plukket ut fem av våre utstyrsfavoritter til en deilig utelunsj i sommer.