0

Din handlekurv er tom


Noreg på langs:
Du må hugse å nyte

Tekst og foto: Oda Ramsdal

Humla susar og sola skin. Eit yrande seterliv med konturar av ei svunnen tid. Alt ligg til rette for å nyte livet på loffen.
Nyte fridommen. Nyte det å ha tørre sko. Idyllen vert derimot brutt av summinga frå ein million mygg og eit destruktivt tankesett.
For kva gjer du når den største utfordringa er ditt eige hovud?

 

DEL 2 I SERIEN «NORGE PÅ LANGS»

 


Eventyrer og friluftsfotograf

Oda Ramsdal (27) er en av Chillouts ambassadører.
Fra mai til oktober 2021 gikk hun
«Norge på langs» alene. En vandring gjennom variert landskap, kjærkomne folkemøter, sesongskifter og værfenomener.

Oda er grafisk designer og fotograf fra Vestlandet. En barndom full av fjell, skog og hav har gitt en evig dragning mot naturopplevelser, og har til nå resultert i solotur fra Oslo til Bergen, Femundløpet og en lang liste av fremtidige eventyr.




Eg visualiserar opplaupet: siste del inn mot Nordkapp. Høyrer svak jubling. Kjenner på å ha klart det, å ha fullført ein fleirårig draum.
Før visualiseringa mi når fram til Nordkapp-plattået susar ein trailer forbi. Den virvlar opp ei sky av støv. Må lukke augo. Når eg opnar dei er eg tilbake att på Jotunheimvegen. Omringa av seterdrift og langt frå Nordkapp. Faktisk fleire hundre mil unna.
 
Sola står på sitt høgaste, og har som mål å grille oss levande. Eg er tørr i kjefen og augo svir etter den evige straumen av trailere og støvskyer. Ved sida av meg går Thorin. Han pesar aggresivt. Det er alt for varmt for den pelsa alaska huskyen.
Me finn litt skugge og riggar oss til for dagen. Der sit me og ser på medan syklistar, campingvogner og trailerar fyk forbi. Ingen av dei ser ut til å reflektere over kor mykje fremdrift kan koste. Kor lang og uoppnåeleg ei mil kan opplevast.
Eg studerar støvskyene dei etterlet seg. Sandkorn vert sendt høgt til vêrs, og lik eit timeglas renn dei sakte tilbake på plass. Tenkjer på mitt eiga timeglas. På korleis turen sitt siste sandkorn treff bakken i november. At eg har svidd av mykje tid på å kave gjennom snøsmeltinga, og at framdrifta vår framleis er lav — dette til tross for at me ikkje har sett ein snøflekk på ei veke.
Thorin sukker tungt. Eg kan ikkje anna enn å seie meg einig.
 

 
Etter at me la snøen bak oss gjekk eg rundt i eit alt oppslukande lukkerus i eit par dagar. I forundring vandra eg gjennom seterdrifta her til lands med ei kjensle av å ha reist tilbake i tid.
Fjellsider med små gardar som klamrar seg fast til ei svunnen tid. Fargerike blomstereng og kalvar som slår kolbøtter i sommarvarmen. Diverre vart denne idyllen brutt av summinga frå eit par milionar mygg og mitt destruktive jag etter framdrift.
 
«No er det berre å nyte,» seier Instagram DM’sa. Alt ligg til rette for at eg skal gjere nettopp det.
Nyte livet på loffen. Nyte fridommen. Nyte finvêret. Nyte det å ha tørre sko og sokkar.
Det gjer eg derimot ikkje. Fokuset mitt har spora av og er i ukartlagt territorium. Målet mitt med Noreg på langs var aldri Nordkapp. Det var eit ynskje om å vere ute over lang tid: oppleve skifte i sesongar, kontrastar i landskap og historiane til menneska eg møtar undervegs.
I stadan for har eg altså rota meg inn i eit alt oppslukande framdriftsjag.


Det heile toppar seg på veg opp frå Vinstra. Kjærasten min, Marcus, og huskyen Kora skal gå med oss dei neste to vekene. Det er ein varm dag. Gradestokken er oppom tredvetalet då sola står på sitt høgaste, og med to huskyar er det berre å vente på lågare temperaturar.
Når me endeleg byrjar å gå har eg både fullasta sekk og kløven til Thorin på ryggen. Me stopper ved kvar vasskjelde for å la hundane drikke, og forflyttninga går treigare enn i den verste snøsmeltinga.
«Du må hugse å nyte,» tenkjer eg fåfengd.
 
Ein triveleg kar stoppar og spør om me vil ha transport opp til Afstjønna. For min del er det utenkjeleg, men det står ingenting i regelboka mi om at ein ikkje kan sende sekk, kjæraste og hundar i forvegen.
I det bilen med turfølgjet mitt susar avgarde kjenner eg på ein veksande klump i magen. Ei kjensle av å gå på akkord med eigne verdiar og ynskjer.
For kva er poenget med å loffe Noreg på langs dersom fremdrifta skal gå på kostnad av eventyret? Eg byrjar å springe etter bilen.
 
Eit par dagar seinare døsar me i ettermiddagssola medan ein fønvind held myggen på avstand. Rondanemassivet ruvar over oss, og truar med å kaste store skyggar etterkvart som sola går ned.
Eit ravnepar har reir like ved, og dei jamneskrika drar meg ut av søvnen. Det er medan eg ligg her at ei kjendsle kjem snikande. Ei etterlengta kjensle. «Veit du kva, Marcus,» kviskrar eg. «No nyt eg.»


Etter dette går eg over på ein anna frekvens. Tar sommarferie frå framdrift og lar Nordkapp vere Nordkapp. Rutinar og mål glir ut i ingenting medan lettbeinte impulsar tar styringa. Me søv langt ut på formiddagen og går så korte dagar me vil.
Stoppar innom Dørålseter for å nyte eit par øl i titida, og ruslar ikkje vidare før me føler for det.
Ser på medan folk spring rundt i steinura; fleire av dei har eit mål om å ta alle ti 2000-meter toppane i Rondane på ein dag. Målretta kavar dei seg opp kampesteinane medan me nippar til øla vår. Eg er takksam for frekvensbytte, og tykkjer det er herleg at Nordkapp er eit par tusen kilometer unna. Både fysisk og mentalt.
 
Det einaste som får oss til å setje opp farta er innpåslittne svermar av mygg og knott. Som ein del av kveldsrutina legg me i full sprang frå teltet, før me tar ein plutseleg og uføreseieleg 180-grader med tunnelsyn mot teltopninga. Her er det berre å kaste seg inn med hud, hår og bikkjer.
Det er alltid nokre luringar som held tritt med turninga vår, men dei stakkerane går ein sikker daud i møte. Kora har nemleg vist seg å vere myggslukar og støvsugar innerteltet for alt med vonde intensjonar.
 
Fleire veker med tropevarme vert avslutta med eit brak. Himmelen mørknar medan toreguden herje fritt over oss og haglbyger slår hardt ned på alt som har turt å spire.
«Juli er sitt sedvanlege lunefulle sjølv,« tenkjer eg før eg ynskjar regntida framfor oss velkomen. Klamme tropedagar med skallklede som rustning mot vinga blodsugerar har etterlatt ei særegen eim, og me lar regnet skylle vekk lukta av gamal myggspray, sveitte og solkrem.
Vatn finn på nytt vegen inn i skoa mine, og eg gir mitt tidlegare sjølv ei skjennepreiken for å ikkje ha verdsatt den vidunderlege kjensla av å ha tørre sko.


På veg innover Knutshø støkker me opp eit tjuvetalls ravner. Lik ei svart sky seglar flokken bortover det vidstrakte høgfjellslandskapet.
Ei pjuskete ørn kjem fykande, truleg eit av ravneflokken sine mobbeoffer.Ho byrjar å sirkle fem meter over hovuda våre. «Finn eit anna middagsmåltid,» kaukar eg til ho. Like etter kjem me over ein daud hare. Det er ingen tvil om at me er på besøk i råvdyra sitt rike. Får meg til å tenkje på kor mykje meir du får sjå når du ferdast utanfor allferdsveg.
Eg rekk derimot ikkje å tenkje ferdig før ein underleg lyd fangar merksemda mi. Eg skal til å spørje Marcus om han høyrer bjeffing, då han slår ut armen og kviskrar «Sjå! Villrein.»
 
Dei kjem opp frå ei renne i landskapet. Ein endelaus straum av grådyr. Lyden eg fyrst feiltolka som bjeffing er ein kombinasjon av grynting, snøfting og klikkelyd frå rein i røysle. Berre 300-400 meter unna oss samlar flokken på eit par hundre dyr seg i sirkel. Basert på antall simler og kalvar er det nok ein fostringsflokk me har gleda av å observere.
Me er derimot ikkje aleine om spektatorrolla. Over flokken seglar ei ørn. Fjørdrakta er strigla og holdninga stolt. Stor kontrast til den me møtte tidlegare.
Reinsflokken bevegar seg gjennom landskapet som ein samla flokk. Rundt og rundt i sirkel. Utan tvil for å verne dei unge kalvane frå jegaren i lufta. Med forunderleg fart flyt dei over det kupperte landskapet. Fleire gonger forsvinn heile flokken ned i ei renne, før dei plutseleg dukkar opp at. Dei spring opp fjellsida på andre sida av dalen, og ikkje lenge etter forsvinn dei i horisonten. Me står mållause attende. For ei oppleving.



Ein kjenning fortalde meg ei forteljing frå sin «Noreg på langs»-tur medan eg framleis var i planleggingsfasen. Han og ein turkammerat hadde kome til ei lita bu ein varm sommardag, og til deira store glede fann dei mengder med øl i bekken. Ei god historie er sjeldan heilt sann, og eg avskreiv dette som hallusinasjonar grunna solstikk.
10 år seinare kjem eg og fantefølgjet mitt vandrande gjennom eit frodig landskap. Det har vert ein lang dag med sporadiske regnskyll og vind. Kilometertellaren nærmer seg tre ganger ti, og kroppen kjenner slitet frå arbeidsøkta.
 
Ut på kvelden bryt sola gjennom, og me vandrar inn i solnedgangen. Eit kull med rypekyllingar støkker opp mellom beina mine. Dei er ikkje flygedyktige enda, og sprett i alle retningar medan me tviheld på våre halvdresserte jegerar på fire bein.
Vidare forstyrrar me to elgar som beitar i kveldsola, og ser på medan dei luntar avgarde. Så får eg auge på den. Eg klyp meg sjølv i armen for å sjekke at eg er vaken. Dobbeltsjekker med Marcus at han også ser det eg ser. Føre oss, der dei siste solstrålene møter skvaldringa frå rypa og elgspora krysser kvarandre, står bua.
Den verkelege magien er derimot å finne i den vesle bekken som renn like ved. Her har nokon lagt ut øl til forbipasserande som oss. Pils, fatøl, ingefærøl, mango IPA.
Alt slitet vert gløymd, og med ei bekk-øl kvar feirar me lukka av å vere akkurat der me skal vere. Me og eit par tusen mygg.

–––––––––––––––––––– CHILLOUT TRAVEL & OUTDOOR // NORGE PÅ LANGS – EN REISE I 8 ARTIKLER ––––––––––––––––––––


 

NORGE PÅ LANGSen artikkelserie på 8 deler om Oda Ramsdals eventyr gjennom Norge. Serien strekker seg fra starten i Lindesnes i sør, gjennom et vårlig Skarvheimen og Jotunheimen, til sommerligere høyfjell og kystlandskap. I oktober 2021 kunne hun endelig stå på Nordkapp etter nesten et halvt år med sekken på ryggen.

 



Kanskje du også er interessert i:


NOREG PÅ LANGS // DEL 1
Om ein vassar i snø lenge nok
kjem sommaren

Å vere ute. Helst enda lengre en før. Ein motreaksjon til stillesittjande år vert eit brennande ynskje om å komme seg ut. Som born var naturen så nær: lukta av nattfiolen i mørket, leik i sjøkanten og spionasje på hjorten. Pushe grenser og kjenne blodsmaken opp ei bratt fjellside. Må ut att. Svaret vert langtur – nærare bestemt Noreg på langs.

 

// NORGE PÅ LANGSen artikkelserie på 8 deler om
Oda Ramsdals eventyr gjennom Norge.

Serien strekker seg fra starten i Lindesnes i sør, gjennom et vårlig Skarvheimen og Jotunheimen, til sommerligere høyfjell og kystlandskap.

I oktober 2021 kunne hun endelig stå på Nordkapp etter nesten et halvt år med sekken på ryggen. 


CHILLOUTS AMBASSADØRER
– et mylder av turinspirasjon

Vi er så heldige som har samlet en utrolig inspirerende gjeng med tur- og reiseglade folk som vi nå kan kalle for våre ambassadører.

Du finner dem i nærmeste skog eller på den høyeste topp, der de sprer turglede og gode tips til hvordan få mer ut av hverdagen eller hvordan selv små turer kan føles som mektige ekspedisjoner.

Uansett hvor de tar turen, liker vi å følge med.



Noreg på langs:
Pakkeliste

 

Sekken er ein stor del av kvardagen på tur. Den heng på ryggen dag ut og dag inn. Opp bratte fjellsider, og ned like bratte nedstigningar. Eg er ikkje eigentleg noko lettvektsentusiast, men på langtur som dette vil lågare vekt gi komfort i kvardagen.

For min del handla det også om å redusere belastninga som kroppen vert utsatt for over tid. Noreg på langs er ein fleirårig draum som eg har investert mykje i for å oppnå. Kjøp og test av utstyr, tid til planleggjing og eit halvt år utan lønn. Eg var ikkje villig til å risikere å måtte bryte grunna overbelastning.

 


Nyhetsbrev