• Rask levering - lager i Norge - Gratis retur!


Bli medlem15% medlemsrabatt*
Gjelder kun ordinære varer ved kjøp over 1000 kroner
Fri frakt over 500,-

Norge på langs (del 5) - Planlegging av Norge på langs

Her kjem mine erfaringar frå min tur, og korleis eg løyste ulike utfordringar både før og under loffinga mi frå sør til nord. Mykje av dette vil også vere relevant dersom du draumar om andre langturar her til lands.

Tekst & bilder Oda Ramsdal - Del 5 i serien Norge på langs

Rammeverket for turen

Eg hugsar ikkje heilt kvar idéen om å gå Noreg på langs kom frå. Ein dag var den berre der, og fulgte meg i fire år før eg stod klar på Lindesnes. I løpet av desse åra rakk draumen å ta fleire ulike former etterkvart som eg oppdaga nye områder eg ynskja å oppleve og usikkerhet rundt kva årstider eg skulle vandre gjennom. Det einaste eg alltid har vist var at eg ville gå aleine og at eg skulle byrje i sør. Dette vart fastsatt samstundes som draumen oppstod.
 
Frå sør til nord
Som vestlending busatt i Oslo er både familie og vener for det meste sentrert i Sør-Noreg. Det kan ta tid å finne riktig rytme på langtur og den fyrste tida er difor ofte den mest sårbare. Å ha folk i nærleiken til å bidra med depo’er, besøk og motivasjon vart difor viktig for meg. Sjølv om eg ikkje alltid trong å benytte meg av tilbodet gav det meg ei kjensle av tryggleik.
 
Vår/sommar 2021 i Nord-Norge var også prega av flaum, og fleire som byrja sin NPL-tur frå nord måtte leggje om ruta si på grunn av dette. Slike utfordringar kan sjølvsagt alltid dukke opp uavhengig av startsted. Det kan difor vere lurt å leggje opp fleire rutealternativer den fyrste månaden slik at du lett kan tilpasse deg til årets forhald.
 
Det fyrste stykket frå Lindesnes er prega av ein del asfalt. Personleg veit eg at beina mine ikkje er gode vener med lange dagar på asfalt og valgte difor å sykle etappen opp til fjella. Har lese om andre som har gått på seg problemer med beina allereie dei fyrste dagane, noko som eg ynskja å unngå. Det er i tillegg ein fin sykkeltur med fine landevegar.

Mål og varighet
For min del var draumen om Noreg på langs fyrst og fremst eit ynskje om å vere ute over lang tid. Eg ville ha rom til å loffe og ta spontane omvegar undervegs. Rom til å ikkje gå lengre enn neste fiskevatn og fridom til å ikkje telle kilometer. Under planlegginga vart eg derimot usikker på om eg kom til å klare å vere aleine ute eit heilt år, og ein skikkeleg solotur på vinteren var heilt ærleg litt skremmande. Eg landa difor på eit halvt år permisjon med start frå Lindesnes 14. mai, og målgang ved Nordkapp den 22. oktober. Totalt 162 dagar på tur.
 
Likevel stod eg på Nordkapp med eit ynskje om å snu og gå tilbake att. Den opprinnelige draumen var å oppleve eit år ute, og det opplevdes trist å avslutte utan å få med meg vinteren. Fem månadar er heller ikkje nok til å ta loffinga fult ut. Det er framleis eit krav om jamn framdrift, og det vart mindre tid til uplanlagte avstikkerar, fisking og bærplukking enn eg i utgangspunktet draumde om. Dersom eg skulle gjennomført turen på nytt ville eg på grunnlag av desse to punkta satt av meir tid.

Startstidspunkt
Eg byrja turen min midt i mai og midt i den verste snøsmeltinga. I tida før eg starta turen sjekka eg senorge.no fleire gonger dagleg med eit fåfengt håp om at fjella på mirakuløstvis skulle verte snøfri. Det vart dei aldri. Snøforholda var derimot ikkje gode nok til å byrje turen med ski og pulk, og etter mykje grubling enda eg med truger.
 
Sjølv om vandringa gjennom snøsmeltinga vart krevjande er det ein utruleg minneverdig del av turen. Smeltesesongen er ei forunderleg tid å vere ute i ettersom du kjem så tett på naturen og dyrelivet på veg ut av vinterdvalen. Eg skal derimot ikkje romantisere snøsmeltinga. Det var dagar med utruleg lav framdrift kvar eg gjekk i ti timar og forflytta meg åtte kilometer. Det vart også ein del heftige elvekryssingar med høg vasstand og usikre snøbruer. På eit tidspunkt var forholdet mellom framdrift og energibruk så skeivfordelt at eg valgte å liggje i ro i ei veke for å la snøsmeltinga få eit litt større forsprang.
 
Til gjengjeld vart resten av turen relativt “lett” samanlikna med den fyrste tida med snø opp til knea, og sjølv om det var mykje frustrasjon ville eg aldri vert utan denne opplevinga. Eg lærte mykje og fekk dagleg påfyll av meistring.

Å gå aleine
For min del var planen alltid å gå aleine. Slik fekk eg full kontroll over planlegginga og stadane eg ynskja å oppleve. Ein solotur gir deg også utruleg stor fridom til å følgje impulser og ynskjer som dukkar opp undervegs: lengde på dagsmarsj, neste pause, teltplass, fiskepause eller å takke ja til middag hos framande. Det er utruleg herleg å kunne følgje eigne ynskjer fullt ut ei lita stund.
 
Å vere aleine har sjølvsagt også sine utfordringar. Om ein fyrst går i kjellaren kan det vere vanskeleg å dra seg sjølv opp att, og negative tankerekker kan slå rot utan at du får det med deg. Med åra har eg vorte betre på å snu mitt eige humør ved å bruke det eg har rundt meg. Nokre gonger hjelp naturen deg ved å setje i gong utrulege solnedgongar, møter med dyr eller vakre landskap. Andre gonger må du grave litt djupare i deg sjølv: sjå fram til ein kopp kakao, medvita om at du har eit par tørre sokkar eller den siste biten av smågodt du har spart på. Det finnes alltid noko å glede seg over, uansett kor lite det måtte vere.
 
Solo-turlivet kan også verte litt seriøst der du går i dine eigne tankar. For min del er det viktig å bryte opp dette, og eg tar meg difor alltid tid til å følgje impulser som dukker opp undervegs: ein svømmetur, klatre opp ei høgde, fotoshoot med ei rype eller ta seg ein runde på den øydelagte sykkelen som ligg midt utpå Finnmarksvidda. Eg har også som vane å syngje overdramatiske musikalar om det som skjer rundt meg. Slår aldri feil, men med mi røyst krevjer det at eg er aleine.
 
Å gå aleine kjem også med einsemd. Det var sjølvsagt stunder der eg kjende på det, men for det meste trivdes eg godt i mitt eige selskap. Eg hadde i tillegg med meg hund, og fekk besøk av familie og vener undervegs. Sist nemde var ein stor motivator når dagane aleine vart lange. Du møtar også folk med jamne mellomrom, og eg vert heilt rørt av hjartevarmen som finnes her til lands. Framande menneske som slepp alt for å hjelpe, tilbyr husly og mat, gir råd om vegen vidare og møtar deg med opne armar. Om ein sjølv er open for å ta i mot har ein ikkje så mykje tid til å vere einsam.
 
Så til det dei fleste undrast på: vert du ikkje redd? Ja og nei. Eg har eigentleg alltid vert veldig redd for mørket, og det er i grunn imponerande at eg i dag søv så godt heilt aleine i naturen. Det ligg derimot mykje trening og eksponeringsterapi bak denne tryggleiken. Kunne sikkert skrive ei heil bok om vegen min frå livredd til sånn passe tøff (eg skvett framleis av ukjente lydar frå nattemørket). Det generelle rådet mitt er å byrje i det små og byggje seg gradvis opp.

Motivasjon
Motivasjonen bak Noreg på langs vil variere frå person til person. Nokon ynskjer å satse på rekordtid medan andre ynskjer å vere ute lengst mogleg. Nokon ynskjer å berre bruke beina medan andre syklar, padlar eller køyrer ein god kombinasjon. Det eine er ikkje meir riktig enn det andre. Det som derimot er lurt er å vere ærleg med seg sjølv om kva motivasjonen din er. Dette vil nemleg leggje grunnlaget for turens varighet, intensitet og spelerommet du har undervegs.
 
Å kartleggje kva som er viktig for deg på forhand gjer det også lettare å ta val i tråd med ynskja dine når turlivet butter i mot. Når du står i midt i det verste og viljen vingler er det lett å setje spørsmålsteikn ved livsvala sine, og då kan det vere lurt å ha nokre gode svar. Personleg hadde eg med meg to sitater. Begge er ypperlige motargument mot ein sviktande psyke.
 
«Du må hele tiden gjøre livet litt vanskeligere enn det trenger å være» - Erling Kagge
«Desto verre det er der og da, desto bedre blir historien i ettertid.» -Randulf Valle
 
Med dei orda er det faktisk berre å fortsette mot nord (eller sør). Eg satte også tydelege delmål undervegs, og for det meste lot eg Nordkapp vere Nordkapp. Store deler av turen er målet så langt unna at det vert vanskeleg å forholde seg til det, og då hjalp det å bryte ned turen i deler. For det meste prøvde eg å berre fokusere på dagsmarsjen eg hadde framfor meg. Målgong og kvardagen kjem tidsnok, så det er eigentleg berre å nyte livet undervegs (av og til lettare sagt enn gjort).

Planlegging og gjennomføring av ruta

Planleggjing av ruta
I stadan for å planlegge ei fast rute kartla eg dei ulike områda eg ynskja å oppleve og potensielle depo knytta til områda. Eg markerte i tillegg utfordringar og moglegheiter knytta til ulike ruteval som til dømes depo, store elver, kupert terreng, bra fiske eller punkter med historisk betydning. Basert på dette og tips frå andre teikna eg ei grov skisse med ulike rutealternativer som eg kunne støtte meg på undervegs.
 
Den meir detaljerte planlegging av ruta gjorde eg som regel på kviledagar eller under kveldstunder i teltet, kvar dei einaste faste punkta eg måtte forholde meg til var neste depo (som var avtalt på forhand). Dette gav meg stor fridom til å endre ruta undervegs basert på ny kunnskap, tips frå lokale, behov for å løyse logistikkutfordringar eller rett og slett magekjensle. Relasjonen min til dei planlagte rutealternativene vart etterkvart ganske avslappa, og ved fleire anledningar vart ruta til medan eg gjekk. Det viktigaste med planlegginga er eigentleg å få eit utgangspunkt å forholde seg til, og verte kjent med potensielle utfordringar i ulike område.

Litteratur, inspirasjon og verktøy til planlegging
 
Mine favorittbøker om NPL
Eg las ein del litteratur om Noreg på langs før eg byrja planleggjinga, og hadde ei god oversikt over moglege ruter, klassiske NPL-punkter og smarte løysingar. Under finner dykk mine favoritt bøker:
 
“Tur fra Nordkapp og hjem” av Bjørn Arild Ersland og Asbjørn Jensen
“Opplevelse villmark: Norge på langs - og tilbake igjen” av Per Simonsen og Bjørn Simonsen
“Norge på langs - ett år på vandring i villmarka” av Lars Monsen og Trond Strømdal (den er vel obligatorisk)
 
Ta kontakt med tidlegare NPL’ere
Ellers vil eg anbefale å ta kontakt med folk som har gått Noreg på langs. Det er ingen som kan meir eller er meir lidanskapleg oppteken av Noreg på langs som NPL’ere. Som nemnt er det fleire måtar å gjennomføre turen på, og dersom du veit om nokon som har gjennomført turen med liknande tankesett som deg er dette ei ypperleg kjelde til kunnskap og inspirasjon.
 
Men hugs at dette er din tur! Det er ikkje kvar dag ein legg ut på eit lengre eventyr der du heilt og holdent kan følgje dine eigne interesser og ynskjer. Det er mykje læring og kunnskap å hente frå andre, men ein tur som dette er noko du gjer for deg sjølv og eg vil oppfordre deg til å følgje magekjelsa di.
 
Verktøy
Til planlegging av ruta brukte eg for det meste norgeskart.no. Her kan du lett leggje opp ulike ruter, markere punkter og lage eigne kart til trykk. Ellers brukte eg ut.no, bøker og bloggar frå NPL’ere for å få oversikt over rutealternativer, utfordringar og moglegheiter.

Etappar, depo og dagsmarsjer
Før eg byrja å gå laga eg ei oversikt over etappane med informasjon om lengde i kilometer, antatt antall dagar det ville ta og gjennomsnittlengda på dagsmarsjar. Dette gav meg eit bilete på kvar i løypa eg ville vere til ulike tider. Som på ingen måte vart ein fasit, men eg tykkjer det var nyttig å ha oversikt over korleis eg låg an samanlikna med kor mykje tid eg hadde att.
 
Døme på etappeinformasjon:
Haukeli - Ustaoset (120 km*)
120 km / 8 dagar = 15 km per dag
Ankomst Ustaoset: ca 8-9. juni
 
*Eg runda målinga av etappedistansen ganske aggressivt opp. Dermed låg eg alltid litt framfor tidskjema, og det er ei herleg kjensle.
 
Den endelege oversikta over etappar og depo:
*= Depo som vart endra/flytta underveis.

1. Lindesnes - Dølemo (sykkel)

* Depo: Folk eg kjenner

2. Dølemo - Bjørnevasshytta*

* Depo: Folk eg kjenner

3. Bjørnevasshytta - Haukeli

* Depo: Spar Haukeli / Post-i-butikk

4. Haukeli - Ustaoset

* Depo: Ustaoset Kiosk og Gas / Post-i-butikk

5. Ustaoset - Tyinkrysset

* Depo: Joker Tyinkrysset / Post-i-butikk

6. Tyinkrysset - Vinstra*

* Depo: Vinstra / Post-i-butikk

7. Vinstra - Hjerkinn

* Depo: Hageseter Turisthytte

8. Hjerkinn - Kvikne

* Depo: Coop Marked Kvikne / Post-i-butikk

9. Kvikne - Ålen

* Depo: Folk eg kjenner

10. Ålen - Teveltunet

* Depo: Teveltunet Fjellstue

11. Teveltunet - Nordli

* Depo: Nordli / Post-i-butikk

12. Nordli - Røyrvik*

* Depo: Joker Røyrvik / Post-i-butikk

13. Røyrvik - Tverrelvnes

* Depo: Tverrelvnes gård

14. Tverrelvnes - Umbukta Fjellstue

* Depo: Umbukta Fjellstue

15. Umbukta Fjellstue - Lønsstua Turisthytte*

* Depo: Folk eg kjenner

16. Lønsstua Turisthytte - Sulitjelma*

* Depo: Folk eg kjenner

17. Sulitjelma - Narvik (sykkel)*

* Depo: Katterat fjellstue

18. Narvik - Dividalen

* Depo: Folk eg kjenner

19. Dividalen - Reisadalen

* Depo: Saraelv Villmarkssenter

20. Reisadalen - Maze*

* Depo: Maze / Post-i-Butikk

21. Maze - Olderfjord*

* Depo: Folk eg kjenner

22. Olderfjord - Nordkapp

Depo
Før eg byrja turen pakka eg depoesker med mat og forbruksvarer. Eg preppa alt av mat på forhand slik at eg ikkje trong å styre med det på tur. Slikt fekk eg også redusert vekta på emballasje osv. Sjølv om preppinga var eit lite mareritt var det utruleg herleg å ikkje måtte styre med logistikk og prepping av mat på kviledagane mine. Eg veit om fleire som har ordna logistikken med mat undervegs på turen, og det er absolutt mogleg. Denne løysinga kjem derimot med litt meir usikkerheit, då du aldri veit kva dei ulike matbutikkane selg. Er litt forskjell på utvalget i Oslo og i gokk. Du vert også avhengig av å kome deg inn til sivilisasjon for å handle. Eg personleg likar å vite at alt eg treng ligg i depoet når eg kjem, og ved å sende depoer til hytter slapp eg omvegar innom tettsted.
 
Depoa vart sendt til ulike Post-i-butikk, betjente hytter og folk eg kjenner. Alle hyttene som er nemnt i lista over var svært positive til å hjelpe med henting og oppbevaring av depo. Det er berre å ringe dei eller sende mail. Nokon av dei tar betaling, nokon ynskjer at du overnatter og andre tykkjer berre det er kjekt å hjelpe.
 
Ved sending til Post-i-butikk sender du pakken til deg sjølv med Poste Restante. Her fekk eg uvurderlig hjelp av kjærasten min som sendte depoa mine undervegs. Me hadde regelmessig dialog om kva utstyr og forbruksvare eg trong meir av og kva depo det skulle leggjast i. Eg sendte også utstyr eg ikkje trong lengre tilbake, som til dømes kart eg var ferdig med, utstyr/klede som ikkje er relevant for årstida eller skittentøysvasken (skitne truser og sokkar må jo også ha ein endestasjon). Andre gonger sendte eg utstyret mitt vidare nordover slik at eg kunne plukke det med meg når eg trong det att. Kort oppsummert lev Posten godt på konseptet Noreg på langs.
 
Det beste tipset mitt knytta til depo er derimot å leggje oppi overraskelser til deg sjølv. Klassiske positive forsterkningar som du elsker. Eg snakkar om favoritt godteri, brus eller anna mat. Eg har sjølv grått av lukke etter å ha funne ein RedBull kjærasten min hadde lagt oppi utan å seie noko. Dette er spesielt viktig for depoa der ein ikkje har tilgang på butikk.

Dagsmarsjer, pauserutiner og belastningsskader
I starten var fokuset å gi kroppen tid til å verte vant til belastninga, før eg gradvis gjekk lengre etterkvart som både musklatur og senar tålte meir. Generelt gjekk eg 15-18 km per dag den fyrste månaden, før eg gjekk over til 20-25 km og mot slutten 25-30 km. Det finnes derimot ingen regel uten unntak: kortaste dagsetappen var på knappe fem kilometer, og lengste på 40 km.
 
Som dykk kan lese om i artikkelen under fekk eg likevel problemer med belastningsskader omlag halvvegs. Etterkvart som formen vart betre tok eg færre og færre pausar i løpet av dagen, og det var ein lengre periode eg ofte gjekk 20-25 km utan nevnverdig pause. Dette kombinert med ein lengre etappe på asfalt var det som til slutt tok knekken på beina mine. For å fortsette gjekk eg over til sykkel eit stykke medan beina kom seg til hektene att. I retrospekt er det ingen tvil om at betre rutiner med pausar ville forhindra at problema med beina mine vart så store.

Når eg byrja å gå att etter skadene fant eg ein rytme som passa beina mine betre. Då fulgte eg intervaller på 1,5 time gåing + 15 minuttar pause, og dagar der smertene i beina var meir tilstede gjekk eg ned til 1 time gange + 15-20 minuttar pause. Det kan virke unødvendig å stoppe så ofte, men for min del var skaden allerede skjedd og dersom eg gjekk over desse tidene gav kroppen tydeleg beskjed om det.
 
Ellers er det viktig å vere førevar. Dersom du kjenner byrjande smerter er det betre å ta det roleg nokre dagar enn å køyre på vidare. Det høyrest nok veldig logisk ut, men det er lett å verte litt oppslukt medan ein står i det.

Ein uplanlagt sykkeletappe
Då eg kom til Sulitjelma var belastningsskadene så alvorlege at eg faktisk ikkje klarte å gå vidare. Utan sekk halta eg på begge bein, og med sekk klarte eg ikkje å leggje vekt på nokre av dei. Med hjelp frå familie i nærområdet fekk me derimot snudd heile situasjonen, og eg gjekk frå langsam vandrar til racersyklist med raskebriller. Med hovudfokus på å kome meg på beina att fekk eg ei svært roleg veke på sykkel frå Sulitjelma til Narvik.
 
No var eg utruleg heldig at draumane mine knuste i bakgården til eigen familie med landevegssykkel. Logistikken vart ordna på få timar, og eg sykla vidare dagen etter at kroppen sa stopp. Det er nok ikkje alle som er like heldige. Tenkjer derimot at det kan vere lurt å ha tenkt ut nokre alternative løysingar under planleggjinga dersom uhellet er ute. Å ha alternativer ein kan falle tilbake på kan vere nettopp det som skiljer mellom å kunne fortsette og det å måtte bryte.
 
Dersom du har tida til rådighet er nok det aller beste å ta ei veke kvile. Ingen skam i å la kroppen hente seg inn att. Sjølv om det gjennom åra er mange som har gått Noreg på langs er det likeframt ein lang og tidvis hard tur. Kilometrane vert ikkje ferre berre fordi det er fleire som har gått dei.

Navigasjon og sikkerhet

Dette er nok litt utradisjonelt, men eg hadde ikkje så mykje kart med meg. Der det fantes DNT-sti forholdt eg meg til merking og GPS. I områder utan sti hadde eg med 1:50.000 kart, og kompasset låg sjølvsagt alltid i sekken. Ved å kutte ned på kart sparte eg ein del penger, og opplevde aldri at eg trong karta i område med merka stier. Ellers brukte eg appen Norgeskart Friluftsliv, som er heilt genial. Her kan du laste ned GPS-kart lokalt på mobilen, legge inn ruter og markere viktige punkt.
 
Som sikkerheit hadde eg med meg ein Garmin InReach Mini. Med denne kan ein både sende og motta meldingar, ha på tracking og sende ut SOS-signal. Eg trong heldigvis aldri å bruke den i naudsituasjon, men den var god å ha for å kommunisere med dei heime om logistikk og andre utfordringar. Telefondekning er det nemleg lite av i den norske fjellheimen. Som eigentleg er ganske digg.

Turutstyr

Eg har hatt NPL i bakhovudet når eg har investert i nytt utstyr dei siste åra. Slik har eg hatt god tid til å teste kva som funker, få gode rabatter og tid til å vente til det eg treng dukkar opp på finn.no. Brukt turutstyr hjelp ikkje berre lommeboka, men også verda vår. Under finner dykk oversikt over det utstyret som har vert viktigast for min tur.

Se hele pakkelista her (Norge på langs - Pakkeliste)

Sko
Eg sleit ut to par Salomon Quest 4 GTX på veg mot nord, og du bør nok også vere forberedt at du må skifte ut ditt fyrste skopar. Når eg valgte fjellsko var fokus på passform og at dei skulle vere relativt lette. Dei er langt i frå dei beste på å holde vatn ute, men til gjengjeld hadde eg ingen gnagsår og berre ei vassblemme under heile turen. Det er gleda av å gå med sko som passar foten din, og då vert våte bein ein liten pris å betale.
 
Joggesko er genialt, og for min del vart dei ein forutsetning for å klare turen etter belastningskadene. Det vert ein del trasking på veg, og då er det heilt nydeleg å skifte til joggeskoa. Det er også godt for beina å få litt variasjon, som er grunnen til at eg ofte gjekk med joggesko i terreng dersom det var mogleg.
 
Crocks er perfekte leirsko og ein god ven å ha gjennom utallige elvekryssingar.
 
Gamasjer
Gamasjer er ein Noreg på langser’s besteven! Samtlege andre eg har møtt på er einige. Forutan om midt på sommaren brukte eg dei dagleg. Dei er gull verdt i snø, til elvekryssingar, over myrer og gjennom kratt. Alt saman finn du mykje av heilt frå Lindesnes til Nordkapp.

Telt
Eg brukte to forskjellige telt under turen. I juli og august hadde eg med meg MSR Hubba Hubba, som er eit perfekt telt å loffe rundt med i myggsesongen og tropenetter. Det held også godt i ruskvêr. Ellers hadde eg Helsport Sarek Superlight. Det var godt å krype inn i eit tunneltelt under tidleg vår, haust og tidleg vinter. Det var derimot ingen vintertelt, og eg fekk vel stresstesta det forbi bruksområdet det er laga for. Begge telta har fått køyrt seg i skikkeleg vind, og eg er positivt overraska over at eg aldri vart blåst avgarde.
 
Sovepose
Soveposen min var Rab Mythic med komforttemperatur på -5 grader. Temperaturen i fjella varierer mykje sjølv på sommaren, og det var godt å ha ein varm sovepose å krype inn i. Den holdt meg varmnesten heilt til Nordkapp. Den var nok litt sliten og i det tynnaste laget då vinteren møtte oss i nord. Kombinert med eit turteppe var den derimot meir enn god nok!
 
Vindsekk
Noko av det som bidrog til belastningsskader var mykje dårleg vêr. Å setje seg ned for å ta pause i 10 minuttar freistar ikkje særleg når det pissregnar, tåka heng tungt og vinden riv. Gjennom hausten og tidleg vinter hadde eg difor med meg ein vindsekk som eg kunne ta pausane mine i. Eg hadde alltid vindsekken lett tilgjengeleg, då den gir ekstra tryggleik dersom du må søkje ly for uvêr. Eg vil absolutt anbefale å ha med seg ein slik i sekken!
 
Gåstaver
Utruleg nyttig å ha med seg stavar. Eg har tidlegare aldri nytta dette, men må innrømme at det absolutt er ein fordel på langtur. Spesielt til elvekryssingar med sterk straum eller som støtte under balansekunster over Noreg sine uendelege steinurer.

Mat

Å planleggje dagsrasjonane for langtur er ei evig jakt på låg vekt og høgt kaloliinnhald. Under finn dykk det eg stort sett åt gjennom turen.
 
Frukost
Müsli/havregryn blanding + smør, sjokoladebitar
Toro Risgraut (hurtigkokt) + smør, rosiner (obs! lågt kaloriinnhald, men magisk alternativ til havregrauten)
 
Å få ned havregrauten vart etterkvart ein dagleg kamp. Det einaste som funka var å ofre to-tre ruter med sjokolade og ein klatt med smør oppi grusomheta. Så var det berre å halde seg oppteken medan ein et: sjekke kartet eller sjå ein youtube-video dersom ein var så heldig å ha 4G. Dagane med risgraut vart hellige psykisk, men fysisk var det ikkje nok kalorier og eg måtte kompensere med hyppigare snacking i løpet av dagen.
 
Middag
Frysetørka middag + couscous, knuste linfrø, nudler, smør (for å få opp kcal)
 
Når ein velgjer frysetørka middagar er det lurt å sjekke kaloriinnhold. Er mange middagar som ligg på 400-500 kcal, som er alt for lite for nokon som går NPL. Real Turmat sin “Field Meal”-serie ligg på 700 kcal, og Firepot har fleire middagar med bra kaloriinnhald. Anbefalar også å kjøpe inn stor variasjon, du kjem til å verte lei av fleire middagstypar.
 
Alternativt kan ein jo også tørke mat sjølv. Dette sparar deg nok for ein del utgifter, men er også meir tidkrevjande. Sistnemde er grunnen til at eg til slutt måtte akseptere å dra kortet på absurde mengder turmat.
 
Snacking
Bixit, sjokolade, tørka frukt, mårpølse, chips, ostepopp,bjørnebrød (lenkje), nøtteblanding, smågodt, energibarer.
 
Mykje av kaloriinntaket mitt var i form av snacking som eg åt kontinuerleg i løpet av dagen. Dette er eigentleg alt som held matlysta og energinivået oppe.
 
Ekstra lunsj/naudrasjon
Rett-i-koppen suppe + couscous, knuste linfrø, nudler, smør (for å få opp kcal).
 
Eg hadde også med eit par rasjonar med “Rett-i-koppen”-supper og tilbehør. Dette var i tilfellet eg trong meir mat enkelte dagar eller rett og slett enda i naudsituasjon.
 
Drikke
Istepulver, kakao, solbærtoddy, te
 
Hadde også med multivitaminer, då det over ikkje akkurat er variert kost. Av same grunn åt eg alltid godt når moglegheita kom, og kviledagar vart stort sett brukt til å trø i trynet.

Å gå med hund på langtur

Å ha hund med på tur er noko av det beste eg veit. Dei er ypperlege turkompisar og kan dra sjølv den traustaste stunda opp til 10/10. Det firbeinte turfølgje krevjar derimot mykje meir av deg enn om du går aleine.
 
Som med alt anna på ein slik tur handlar det om energi ut og energi inn. Å ha med hund på tur kan falle innanfor begge kategoriar. Det var mange gonger eg var glad for å ha Thorin med meg. Han drog meg gjennom snøsmeltinga og opp bratte fjell. Når motivasjonen skranta var det jamne draget hans nok til å likevel halde beina i gong. Thorin har også eit smittsomt smil og er verdas beste kosebamse. I teltet på kvelden låg han å snorka i armkroken min medan eg kikka på ruta for neste dag. Han lurte fram mange latterkuler og kunne dra stemninga rett til vêrs.
 
Så var det dette med energi ut. Thorin kunne også vere bidragsytar til å sende stemninga rett vest. Sjølv med mi tidsramme på seks månadar måtte eg opp ein del kilometer til dagen, og det kjem dagar der du går i kjellaren enten du vil det eller ei. Når humøret ditt svulper i gjørma er det ikkje alltid like lett å møte hunden med pedagogiske løysningar kvar gong den finn på noko lurt. I tillegg til gode bamseklemmar kan nemleg Thorin også by på: trekking etter ville dyr, linesurr ut av ei anna verd eller å kaste seg utfor skrent på jakt etter lemen utan å reflektere over risikoen dette utgjer for verken ditt eller hans eige liv.

Dette er situasjonar som kan generere irritasjon, frustrasjon og innimellom frykt. Spesielt dersom du byrjar å verte sliten. Det er lov å verte frustrert, men å gå Noreg på langs er ikkje hunden sin draum. Det er tross alt me som har tatt dei med inn i situasjonen. For min del vart det i slike stunder viktig å stoppe opp. Ta seg ein pause, fylle på med kalorier og starte på nytt.
 
Då problema med beina mine oppstod tok eg det harde valet om å sende Thorin heim, då små ting frå han gjennom dagen var med på å auke belastninga på kroppen min. Eg fekk også ei veke på sykkelsetet for å gi beina rom til å kome seg. Logistikken gjorde det difor også vanskeleg å ha han med vidare. Det er ingen tvil om at eg hadde meir overskudd undervegs etter dette, men ein saknar sjølvsagt alle dei gode stundene. Som det heldigvis er flest av.

Vêrfast på sommaren
Thorin er ein godt pelsa alaska husky, og på sommaren vart det ein del uplanlagte kviledagar grunna alt for høge temperaturar for han. Etterkvart gjekk eg over til å snu døgnet på dei varme dagane, og gjekk på natta i stadan for. Dette vil sjølvsagt variere frå hund til hund, men velgjer du å gå med polare hundetypar er dette absolutt ei utfordring du risikerar å møte.
 
Kløv
Å finne riktig kløv til hunden må vere ei eiga kunstform. Ei potensielt dyr kunstform.
 
Frå start brukte Thorin kløven Togo som du før kjøpt hos Fjellpulken. Den er veldig solid og romsleg med plass til over ei veke med dagsrasjonar til hunden. Utfordringa med denne var at Thorin fekk gnagsår på albuen. For å lege såra tok me ekstra kviledagar, rota fram alt eg kunne finne i førstehjelpsskrinet mitt og modifiserte kløven. Ingenting hjalp, og ein måtte til slutt innsjå at kløven rett og slett ikkje passa Thorin si kroppsbygging.
 
Svaret vart RuffWear sin “Palisades” kløv. Den er konstruert ganske annleis enn dei fleste andre kløvar på markedet. Den kjem i to deler: ein kortsele som du fester veskene på. Slik får du alle fordelene med ein sele, og det vert i tillegg svært lett å ta av veskene i pausar. Med denne kløven grodde gnagsåra til Thorin kjempe fint, og har ikkje hatt kløv-problemer sidan. RuffWear sin kløv har derimot ikkje same nivå på handverket som Togo-kløven, og er mindre slitesterk. Ein heil hund er derimot viktigare enn ein heil kløv. RuffWear har også mindre vesker, og for å få plass til nok dagsrasjonar sydde eigaren til Thorin ei ekstra lomme til kløven.
 
Mat
Thorin er ein ca. 25 kg hannhund, og ein dagsrasjon for han var:
  • 150g frysetørka vom med proteinpulver
  • 400g tørrfor
  • Fett (varierte litt i mengde)
 
Han fekk også ekstra mat ved depo eller når eg hadde moglegheit til å kjøpe undervegs.
 

Til slutt vil eg berre ynskje deg lukke til, og nyt turen. Kvardagen kjem tidsnok!


NORGE PÅ LANGS –en artikkelserie på 8 deler om Oda Ramsdals eventyr gjennom Norge. Serien strekker seg fra starten i Lindesnes i sør, gjennom et vårlig Skarvheimen og Jotunheimen, til sommerligere høyfjell og kystlandskap. I oktober 2021 kunne hun endelig stå på Nordkapp etter nesten et halvt år med sekken på ryggen.

Eg er ikkje eigentleg noko lettvektsentusiast, men på langtur som dette vil lågare vekt gi komfort i kvardagen. For min del handla det også om å redusere belastninga som kroppen vert utsatt for over tid.

Reis til Georgia!

Landet i Kaukasus med vakker natur, smaksrik mat og gjestfri atmosfære trekker stadig flere reisende.

Vårt nye brukt-konsept: Second Life!

Nå kan du kjøpe brukt utstyr på Grünerløkka, og i tillegg levere inn din gamle koffert til oss og få en verdikupong på kr. 300,-!

Bli med på Reparasjonsdag!

Vil du gi ødelagt tur- og reiseutstyr en ny sjanse? Kom innom oss Fredag 24. November!

Solo Travel: klar for å reise alene?

Å reise alene kan by på fantastiske opplevelser, mer fleksibilitet og dypere kontakt med mennesker enn om man reiser sammen med andre. Hva er egentlig solo travelling og hvorfor bør du gi det et forsøk dersom du har muligheten?

Topp 10 tips til backpacking!

Backpacking er en fantastisk måte å oppdage verden på, og lar deg komme tettere på andre kulturer og levesett enn de fleste andre reiseformer.

Topp 3 oppskrifter med sopp på primus!

Høsten er her, og det kryr av sopp i skogen. Enten du er nybegynner på sopplukking eller erfaren, så er det et hav av muligheter for å finne matsopp der du bor. Hva med å fyre opp primusen og lage et herlig måltid med selvplukket sopp?

Interrail: På skinner gjennom Europa

En sommer på skinner gjennom Europa er et eventyr du sent vil glemme, som tar deg tilbake til en tid da billige flyreiser ikke eksisterte. Vi har laget en guide til hvordan du kan planlegge årets store togeventyr.

Norge på langes (del 4) - Når draumar når bristepunktet

Turlivet er full av kontrastar. Milde sommarnetter vert regnfulle haustdagar. Storslegen høgfjell går over til frodige dalsøkk. Nedtur etterfølgjar opptur. Gleda av å vere akkurat der ein skal vere ender i draumar på bristepunktet.

Norge på langs (del 6) - Troms, eit tapande kapplaup mot vinteren

Kulda borar seg inn i beinmargen og slaps har for lengst funne vegn over skokanten. Sluddet piskar i andletet, og vinden går tvers gjennom både Gore-Tex og ull.

Norgesferie: 5 sommeraktiviteter

Fra varmende svaberg i sør til midnattssol i nord; vi tar deg med Norge på langs med fem spennende sommeraktiviteter.

Norgesferie: 7 gode grunner til å teste SUP i sommer

Kombinasjonen av bevegelse og naturopplevelser er temmelig uslåelig. SUP er en aktivitet som er lett å mestre, som gir deg sol i ansiktet, padletak på blikkstille vann, lyden av bølgeskvulp og lek i vannet. Ikke rart det er lett å bli hekta.