0

Din handlekurv er tom

Fri Flyt

Skikompis Snøskred og trygg ferdsel

Skikompis er boka som viser deg korleis du kan ferdast tryggare i vinterfjellet. Her lærer du å forstå terrenget, snøen og vêret, slik at du unngår farlege situasjonar. Boka gir også rettleiing i effektiv ameratredning om uhellet er ute.

 

Boka Skikompis kom ut første gong i 2013 og forfattar Christer Lundberg Nes fekk Fjellskikkprisen for arbeidet. Boka er nytta som pensum mellom anna i skredkursstigen til Norsk Fjellsportforum, og på ulike friluftsutdanningar på høgskule/universitet.

 

Skikompis kjem no i heilt ny og revidert utgåve, mellom anna med nye illustrasjonar av Joar Christoffersen. Boka har meir om vêr, snø, skredproblem, og enda fleire råd og praktiske tips etter kor krevjande terrenget er å ferdast i. Fleire nye flytskjema summerer opp og visualiserer vurderingar og ferdselsråd. Boka er oppdatert med informasjon frå skredvarselet på Varsom.no og viser samanheng mellom praktiske kjapptestar og observasjonar i terrenget med skredproblem i frå varselet.

 

Christer Lundberg Nes (f. 1970) frå Volda er godkjend Tindevegleder (UIAGM/IVBV/IFMGA) og har mange års erfaring som fjellførar i SunAlp Mountain Guides. Han har jobba med føring, kurs og opplæring i norske vinterfjell sidan midten av 1990-talet og har vore NVE observatør i varslingsregion Sunnmøre sidan 2013. Nes har brei erfaring frå organisert redning i Norges Røde Kors Hjelpekorps og har hatt godkjend lavinehund i Norske redningshunder.

 

«Med et ønske om at Christer Lundberg Nes skal fortsette med å drive med det aktive friluftslivet sitt og gjennom dette drive med viktig opplysning om sikker ferdsel og spre inspirasjon og turglede til folk flest, tildeles Christer Lundberg Nes Fjellskikkprisen 2013.»

Norges Røde Kors Hjelpekorps

 

«Anbefales til alle som går eller står på ski eller brett utenfor preparerte løyper.»

Aasmund Steen, Fjellposten